Hjem

Utdanning

Masteremne

Hydrologi og grunnvatn i naturlege og menneskepåverka miljø

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeGEO314
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk/engelsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master/Bachelor

Undervisningssemester

Vår. Emnet blir ikkje undervist ved færre enn 5 påmeldte innan 15. januar.

Mål og innhald

Emnet vil gi studenten ei djupare innføring i naturgeografiske problemstillingar knytt til vatn, med særleg vekt på fagfelta hydrogeologi og hydrologi. Blant tema som vil bli tatt opp er: grunnvatn, hydrologi, vassressursar, urbanhydrologi, brehydrologi, karsthydrologi og modellering.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne:

  • greie ut om korleis vatn bevegar seg i grunnen og eigenskapar ved ulike grunnvassmagasin
  • greie ut om samspelet mellom grunnvatn og overflatevatn
  • greie ut om ulike hydrologiske system
  • gjere greie for aktuelle forskingstema knytt til hydrologi og grunnvatn
  • gjennom undervisning og praktisk feltarbeid kjenne til ulike hydrologiske og hydrogeologiske feltmetodar

Krav til forkunnskapar

www.uib.no/emne/GEO212www.uib.no/emne/GEO212

GEO212 /GEO213 eller tilsvarande

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar på masterprogram i geografi med spesialisering i naturgeografi og på masterprogram i geovitskap.

Emnet er også ope for studentar på bachelornivå som er ferdige med spesialisering i naturgeografi eller tilsvarande, så langt det er kapasitet. Bachelorstudentar må ta kontakt på studieveileder@geog.uib.no for å bli meldt i emnet.

Arbeids- og undervisningsformer

1 forelesing á 2 timer pr. veke.

Totalt 10-12 forelesingar.

1 seminar á 2 timer pr. veke.

Totalt 3-6 seminar.

1-2 dagar ekskursjon/feltarbeid

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på feltundervisning, skriftlige kommentarar på medstudent si semesteroppgåve og presentasjon av semesteroppgåve i plenum.

Vurderingsformer

Semesteroppgåve 50 % og munnleg eksamen 50 %.

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO314 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset vert undervist.

Institutt

Institutt for geografi

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for geografi

Studieveileder@geog.uib.no