Planlegging og samfunn
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
Emnet tilbys av
| Studiepoeng | 10 |
| Undervisningssemester | Haust |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad i geografi eller tilsvarande bakgrunn.
Læringsutbyte
Etter fullført emne skal studenten kunne:
- gjere greie for nyare planleggingsteoriar og trendar innanfor samfunnsplanlegging.
- gjere greie for sentrale tema innanfor samfunnsplanlegging og kva prosessar som gjer seg gjeldande.
- gjere bruk av fagleg kunnskap for å forstå og forklare resultat av samfunnsplanlegging.
Kontaktinformasjon
Institutt for geografi
Studieveileder@geog.uib.no
Undervisningssemester
Haust
Eksamenssemester
Haust og vår
Undervisningsspråk
Norsk
Studienivå
Master
Krav til studierett
Kurset er ope for studentar på masternivå som fyller kravet til forkunnskapar. GEO328 er eit særemne, og kan difor gå inn i det obligatoriske kravet om to særemne i mastergraden i geografi.
Mål og innhald
Studentane skal trenast i å forstå samfunnsplanlegging i lys av globalisering og kompleksitet forårsaka av samspelet mellom lokale og globale prosessar.
Kurset gir ei innføring og fordjuping i nyare planleggingsteori. Det vert lagt særleg vekt på å få fram kva respons lokal og regional samfunnsplanlegging møter og kan møte den global flyten av idear, kapital og menneske med. Ei sentral problemstilling i kurset er kva det vil seie å planlegge innanfor romleg kompleksitet. Kurset vektlegg såleis korleis ulike geografiske nivå spelar inn i lokale og regionale planleggingsprosessar, så vel som korleis teoretiske prinsipp om medverknad verkar og blir praktisert på ulike geografiske nivå. Det blir lagt særleg vekt på å forstå korleis nye former for planlegging, slik som "governance", entreprenørpolitikk, nabolagsstrategiear, stadsutviking, nyregionalisme og "new urbanism" samspelar med politiske og ideologiske tilhøve, det økonomiske, det sosiale og materielle tilhøve. Byplanlegging, samferdsel, næringsplanlegging, planleggingsstrategiar for regional utvikling og stadsutvikling vil blinærare drøfta og modellar blir sett ut i livet. I undervisinga blir det lagt vekt på å eksemplifisere og å dikutere ulike praktiske og teoretiske tilnærmingar innan planlegging i lys av kontekstuelle føresetnader, og studere korleis dette blir iverksatt.
Læringsutbyte/resultat
Etter fullført emne skal studenten kunne:
- gjere greie for nyare planleggingsteoriar og trendar innanfor samfunnsplanlegging.
- gjere greie for sentrale tema innanfor samfunnsplanlegging og kva prosessar som gjer seg gjeldande.
- gjere bruk av fagleg kunnskap for å forstå og forklare resultat av samfunnsplanlegging.
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad i geografi eller tilsvarande bakgrunn.
Tilrådde forkunnskapar
Grunnleggande kunnskap i geografi og samfunnsvitskap og basiskjennskap til samfunnsplanlegging.
Undervisning og omfang
Forelesingar, seminar og feltstudiar.
Obligatoriske arbeidskrav
Ingen
Vurderingsformer
Skuleeksamen, 5 timar
Karakterskala
Karakterskala A-F
Undervisningsstad
Universitetet i Bergen og feltområde.
Emneevaluering
Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO328vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset undervisast i.
Kontaktinformasjon
Institutt for geografi
Studieveileder@geog.uib.no