Gå til innhold
English A A A
Emne GEO337

Kritiske perspektiv på miljø og utvikling

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 10
Undervisningssemester Vår
Fagleg overlapp GEO335 - 5 studiepoeng
GEO336 - 5 studiepoeng
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Engelsk

Krav til forkunnskapar

Bachelor i geografi, bachelor i utviklingsstudiar, bachelor i Latin-Amerikastudiet eller tilsvarande. Basiskunnskapar i bruk av internett og PC.

Læringsutbyte

Studenten skal gjennom kurset ha tileigna seg ei brei oversikt over kritiske perspektiv på miljø og utvikling, og skal ha oppnådd innsikt i korleis kunnskap om komplekse problem vert konstruert og presentert i vitskapen og på andre maktarenaer. Gjennom innlevering, tilbakemelding frå fagleg rettleiar og vidare arbeid med skriftlege oppgåver via ein internettbasert kommunikasjonsportal skal studenten ha oppøvd evne til å kritisk og aktivt bruke litteratur og andre kjelder i presentasjon og diskusjon av miljø- og utviklingsproblematikk. Studenten skal også ha trena opp evna til å kunne bruke korrekt akademisk skrive- og referanseteknikk.

Kontaktinformasjon

Institutt for geografi

Studieveileder@geog.uib.no

Undervisningssemester

Vår

Eksamenssemester

Vår

Undervisningsspråk

Engelsk

Krav til studierett

Ope for masterstudentar uavhengig av program, men har avgrensa tal på plasser. Studentar ved Master's in Development Geography og Masterprogrammet i geografi vil bli prioritert. Emnet er obligatorisk for Master's in Development Geography. GEO337 er eit særemne. Det kan difor inngå i det obligatorisk kravet om to særemne i Master i geografi.

Mål og innhald

Gi studenten ei innføring i nyare teoriar om miljø og utvikling. Skape ei djupare forståing av aktuelle forskingstema i utviklingsgeografi og miljøgeografi, gjerne med relevans for masteroppgåva.

Emnet byggjer på forsking innan miljø og utvikling og legg opp til eit kritisk perspektiv på etablert kunnskap som har dominert bistand/utviklingsstrategiar. Myter og narrativ om tema som klimaendringar, avskoging, forørkning og erosjon blir analysert i lys av vitskapsteori der kunnskap blir sett på som sosiale konstruksjonar. Konvensjonell kunnskap om landdegradering blir utfordra i lys av ny økologi og politisk økologi. I samspelet mellom naturen og menneska er institusjonar, dvs. etablert sosial praksis, viktige. Institusjonar er viktige med omsyn til maktforhold i lokalsamfunn og ulike grupper sin tilgang til ressursar.

Læringsutbyte/resultat

Studenten skal gjennom kurset ha tileigna seg ei brei oversikt over kritiske perspektiv på miljø og utvikling, og skal ha oppnådd innsikt i korleis kunnskap om komplekse problem vert konstruert og presentert i vitskapen og på andre maktarenaer. Gjennom innlevering, tilbakemelding frå fagleg rettleiar og vidare arbeid med skriftlege oppgåver via ein internettbasert kommunikasjonsportal skal studenten ha oppøvd evne til å kritisk og aktivt bruke litteratur og andre kjelder i presentasjon og diskusjon av miljø- og utviklingsproblematikk. Studenten skal også ha trena opp evna til å kunne bruke korrekt akademisk skrive- og referanseteknikk.

Krav til forkunnskapar

Bachelor i geografi, bachelor i utviklingsstudiar, bachelor i Latin-Amerikastudiet eller tilsvarande. Basiskunnskapar i bruk av internett og PC.

Tilrådde forkunnskapar

GEO131, GEO231 og GEO292

Fagleg overlapp

GEO335 - 5 studiepoeng
GEO336 - 5 studiepoeng

Undervisning og omfang

Web-basert emne.

7-8 førelesingar,

3-4 oppgåver med rettleiing,

Online debattar

Samlingar for dei studentane som er i Bergen

Obligatoriske arbeidskrav

Online oppgåver, online debattdeltaking og online rollespel.

Vurderingsformer

Mappe med 3 oppgåver samt online debattdeltaking og online rollespel.

Online heimeeksamen (varer i ca. 10 dagar). Det vert gitt ein samla karakter.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Læremiddelomtale

KARK - system for nettstøtta læring

Undervisningssted

Web-basert undervisning.

Emneevaluering

Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO337 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset vert undervist.

Kontaktinformasjon

Institutt for geografi

Studieveileder@geog.uib.no