Gå til innhold
English A A A
Emne GEO338

Teoriar om utvikling og migrasjon - II

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 10
Undervisningssemester Haust
Fagleg overlapp

GEO231 - 5 studiepoeng

Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Engelsk

Krav til forkunnskapar

Basiskjennskap til migrasjon og utvikling

Læringsutbyte

Studenten skal sitje igjen med ein oversikt over nyare utviklingsteoriar, og gjennom desse ha tileigna seg innsikt i kva slags prosessar som forsterkar eller endrar ulik utvikling rundt omkring på kloden. Vidare skal studenten kjenne til sentrale teoriar om migrasjon og vere i stand til å sjå årsakene til migrasjon i samanheng med både lokale og globale ulikskapar. Studenten skal ha opparbeidd evne til å forstå samtidige sosiale fenomen som fattigdom, etniske konfliktar, ressursmangel og migrasjon ut frå teoretiske fortolkingsrammer, og skal kunne sjå samanhangen mellom slike fenomen på ein heilskapleg måte.

Kontaktinformasjon

Institutt for geografi

Studieveileder@geog.uib.no

Undervisningssemester

Haust

Eksamenssemester

Vår og haust

Undervisningsspråk

Engelsk

Studienivå

Master

Krav til studierett

Emnet er valemne for Master's in Development Geography.

GEO338 er eit særemne. Det kan difor inngå i det obligatorisk kravet om to særemne i Master i geografi.

Mål og innhald

Studentane skal trenast til å forstå samtidige sosiale fenomen som fattigdom, etniske konfliktar, ressursmangel og migrasjon ut frå ein del ulike teoretiske fortolkingsrammer.

Kurset gir ei innføring i klassiske og nyare utviklingsteoriar. Det blir lagt særleg vekt på teoretiske tilnærmingar som søkjer å forklare det faktum at utvikling er ulikt fordelt rundt omkring på kloden, og prosesser som forsterkar eller endrar ei slik geografisk fordeling. Migrasjon kan på mange måtar sjåast på som ein mikrotilpassing til globale utviklings- og endringsprosessar, samstundes som migrasjon også bidrar til å forme den globale verda. Kurset vil framheve teoriar som ikkje einsidig fokuserer på integrering i vertssamfunnet eller på effektar i avsendarstaden, men som ser heile migrasjonsprosessen under eitt. Kurset har felles førelesingar med GEO231, men det vert stilt større krav til fagleg innsikt for studentar på GEO338.

Læringsutbyte/resultat

Studenten skal sitje igjen med ein oversikt over nyare utviklingsteoriar, og gjennom desse ha tileigna seg innsikt i kva slags prosessar som forsterkar eller endrar ulik utvikling rundt omkring på kloden. Vidare skal studenten kjenne til sentrale teoriar om migrasjon og vere i stand til å sjå årsakene til migrasjon i samanheng med både lokale og globale ulikskapar. Studenten skal ha opparbeidd evne til å forstå samtidige sosiale fenomen som fattigdom, etniske konfliktar, ressursmangel og migrasjon ut frå teoretiske fortolkingsrammer, og skal kunne sjå samanhangen mellom slike fenomen på ein heilskapleg måte.

Krav til forkunnskapar

Basiskjennskap til migrasjon og utvikling

Tilrådde forkunnskapar

GEO115, GEO 121 og GEO131 eller tilsvarande.

Fagleg overlapp

GEO231 - 5 studiepoeng

Undervisning og omfang

1 førelesing á 2 timer pr. veke. Totalt 12 førelesingar.

1 seminar á 2 timer pr. veke. Totalt 1 seminar

Obligatoriske arbeidskrav

Godkjent semesteroppgåve, ca.10 sider.

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen, 5 timer.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Emneevaluering

Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO338 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset vert undervist.

Kontaktinformasjon

Institutt for geografi

Studieveileder@geog.uib.no