Hjem

Utdanning

Masteremne

Mastergradsfeltkurs i naturgeografi

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeGEO341
  • Talet på semester1
  • Språk

    Norsk

  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen og feltkurs frå Måløy i ytre Nordfjord til Østerdalen

Mål og innhald

Mål:

Målet med emnet er at studenten skal kunne gjennomføre ei sjølvstendig kvartærgeologisk/naturgeografisk feltundersøking, utarbeide eit kvartærgeologisk kart og skrive ein avsluttande rapport frå feltundersøkingane.

Innhald:

Ulike tema frå pensumlitteraturen til emnet dannar grunnlag for ein gruppevis temarapport som vert presentert av studentane på eit eige seminar nokre dagar før avreise på feltkurset. Under feltkurset vert det gjeve ei innføring i kvartærgeologiske/naturgeografiske feltmetodar og kartleggingsteknikkar. Første og siste del av feltkurset består av ekskursjon til utvalde kvartærgeologiske lokalitetar i Nordfjord, Gudbrandsdalen og Østerdalen. På nokre av lokalitetane utfører studentane sjølvstendige undersøkingar enten individuelt eller i mindre grupper. Studentane skriv individuelle dagboksrapportar frå ekskursjonsdagane som dannar grunnlag for oppdatering av den gruppevise temarapporten.

Under kartleggingsdelen vert studentane delt inn i mindre grupper som utarbeider kvartærgeologiske kart over utvalde områder. Kvartærgeologiske avsetningar vert beskrive og deira danning vert diskutert og tolka. Kartleggingsdelen (3 fulle dagar) dannar grunnlag for ein gruppevis rapport som vert innlevert mot slutten av feltkurset.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • kan forklare sentrale glasiologiske omgrep og definisjonar
  • kan forklare korleis temperaturregime (polar/temperert) i breen innverkar på erosjons- og avsetjingsformer
  • kan forklare korleis småskala erosjons- og avsetningsformer er danna
  • kan forklare korleis glasiale landformer er danna
  • kan forklare danningsmåte og klassifikasjon av glasiale avsetningsformer
  • kan forklare korleis smeltevassavsetningar kan nyttast til å rekonstruera innlandsiser
  • kan forklare korleis ein kan rekonstruera flaumar attende i tid
  • har kunnskapar om kvartærgeologien og einskildlokalitetar i områda vi besøker under feltkurset

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan gjere sjølvstendige feltobservasjonar
  • kan kjenne att geologiske prosessar og glasialgeologiske erosjons- og akkumulasjonsformer
  • kan kjenne att område innverka av høvesvis polare og tempererte brear
  • kan beskrive og tolke glasiale erosjons- og avsetningsformer i felt
  • kan skrive individuell feltdagbok
  • kan utarbeide og rapportere feltdata skriftleg og framstille data grafisk
  • kan grunngje tolkingar
  • kan utarbeide eit kvartærgeologisk kart etter ein oppgjeven standard
  • kan tolke grafar og figurar
  • kan gjennomføre søk etter relevant litteratur, samt referere til litteratur og setje opp referanse-/litteraturliste

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan bruke eit presist geologisk/naturgeografisk fagspråk til å beskrive og diskutere geologiske prosessar og hendingar
  • kan erkjenne, vurdere og kommunisere menneska si rolle i og innverknad på geosystemet
  • kan arbeide individuelt og i grupper
  • kan gjennomføre feltarbeid på ekskursjon i samsvar med Institutt for geografi/UiB sine HMS-retningsliner

Krav til forkunnskapar

GEO212 og GEO291 eller tilsvarande.

Krav til studierett

Ope for studentar som er tatt opp på masterprogrammet i geografi med studieretning naturgeografi, men talet på plassar er avgrensa. Om det er kapasitet kan studenter som har søkt og fyller vilkåra for opptak på masterprogrammet i geografi med studieretning naturgeografi komme med.

Arbeids- og undervisningsformer

Obligatorisk seminar med gjennomgang av pensumlitteratur, og 10 dagers feltkurs.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjent presentasjon av temarapport og bestått på munnleg test av pensumlitteratur før avreise. Deltaking på 10 dagars feltkurs.

Vurderingsformer

Feltrapport

Karakterskala

Bestått/ikke bestått

Fagleg overlapp

GEOL109 gir 10 studiepoeng reduksjon

GEOL225 gir 10 studiepoeng i reduksjon

GEOV225 gir 10 studiepoeng reduksjon

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

GPS og diverse prøvetakingsutstyr

Emneevaluering

Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO341 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset vert undervist.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for geografi

Studieveileder@geog.uib.no