Masteroppgåve i geografi
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
Emnet tilbys av
| Studiepoeng | 60 |
| Undervisningssemester | Haust og vår |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Valfritt, norsk, skandinavisk eller engelsk
Krav til forkunnskapar
Tatt opp på masterprogrammet i geografi, Master's in Resources and Human Adaptations eller Master i regionar og regionalisering ved Universitetet i Bergen. Bestått kursdel på 60 studiepoeng inklusiv prosjektskildring, vitskapsteori, semesteroppgåve, særemne og milepælar.
Læringsutbyte
Studenten skal gjennom arbeidet med masteroppgåva ha lært seg heile prosessen for eit forskingsprosjekt, frå val av tema, utvikling av problemstilling, oppstilling av hypotesar, val av adekvat teoretisk og metodisk tilnærming, innhenting av kjelder og informasjon, vurdering av bruksverdien til kjeldene og kor pålitelege dei er, analyse og tolking. Studenten skal også ha lært seg god akademisk skrivemåte, argumentasjon og bruk av referansar.
Kontaktinformasjon
Institutt for geografi
Studieveileder@geog.uib.no
Undervisningssemester
Haust og vår
Eksamenssemester
Haust og vår
Undervisningsspråk
Valfritt, norsk, skandinavisk eller engelsk
Studienivå
Master
Krav til studierett
Reservert studentar tatt opp ved Master i geografi, Master's in Resources and Human Adaptations og Master i regionar og regionalisering.
Mål og innhald
Utvikle metodiske og analytiske ferdigheiter og evner til å utforme, drøfte og analysere geografiske problemstillingar. Det vert lagt vekt på å utvikle sjølvstendige arbeidsmetodar og munnleg og skriftleg framstillingsevne. Studenten skal med rettleiing gjennomføre eit praktisk/teoretisk forskingsprosjekt som etter 2 år skal resultere i ei masteroppgåve.
I oppgåva skal studenten vise at ho/han er i stand til å nytte geografiske metodar til å gjere ei omfattande analyse av eit relevant problem.
I samråd med rettleiar skal studenten utforme ei problemstilling og setje seg inn i relevante teoriar og tidlegare arbeid med relevans for temaet og/eller forskingsområdet. Studenten skal vidare gjennomføre eit sjølvstendig arbeid av praktisk og/eller teoretisk art knytt opp mot problemstilling. Normalt er arbeidet basert på feltarbeid. Etter praktisk/teoretisk omarbeiding skal dette resultere i ei masteroppgåve. Oppgåva skal ha eit omfang på mellom 80-100 sider.
Framstillinga skal gjere greie for problemstilling, teori, metode og resultat. Studenten skal på ein oversiktleg måte gjere greie for dei tematiske, metodiske og teoretiske føresetnadene som arbeidet byggjer på. Også det empiriske materialet som vert analysert skal framstillast på ein oversiktleg måte. I vurderinga av avhandlinga legg ein vekt på korleis studenten meistrar relevant teori, metode og evne til å analysere.
Læringsutbyte/resultat
Studenten skal gjennom arbeidet med masteroppgåva ha lært seg heile prosessen for eit forskingsprosjekt, frå val av tema, utvikling av problemstilling, oppstilling av hypotesar, val av adekvat teoretisk og metodisk tilnærming, innhenting av kjelder og informasjon, vurdering av bruksverdien til kjeldene og kor pålitelege dei er, analyse og tolking. Studenten skal også ha lært seg god akademisk skrivemåte, argumentasjon og bruk av referansar.
Krav til forkunnskapar
Tatt opp på masterprogrammet i geografi, Master's in Resources and Human Adaptations eller Master i regionar og regionalisering ved Universitetet i Bergen. Bestått kursdel på 60 studiepoeng inklusiv prosjektskildring, vitskapsteori, semesteroppgåve, særemne og milepælar.
Tilrådde forkunnskapar
Godkjent bachelor i geografi eller tilsvarande.
Undervisning og omfang
Rettleiing basert på individuelle møter med rettleiar innanfor ei ramme på 21 timer, det vil seie omlag 5 timer pr. semester frå og med 1. semester til og med 4. semester. Deltidsstudentar har normalt krav på rettleiing i same omfang som heiltidsstudenten fordelt på dei semester ein har krav på rettleiing. Kvar e-postrettleiing tel som ein rettleiingstime. Rettleiing i felt tel også som rettleiingstimar.
Obligatoriske arbeidskrav
Milepæl 1, 2 og 3 må vere gjennomført før oppgåva kan leverast.
Milepæl 1 utgjer seminardelen av GEO310 (prosjektskildringa), milepæl 2 er seminardelen av GEO309 (semesteroppgåve). Milepæl 3 skjer etter avslutta feltarbeid, helst i september (februar for studentar som har byrja i vårsemesteret).
Milepæl-seminara går føre seg gruppevis for studentar med liknande tema og deira rettleiarar. Målet er å trene munnleg presentasjon av status for prosjektet og få tilbakemelding frå rettleiarar og studentar. Rettleiarar så vel som studentar fungerer som opponentar på presentasjonane.
Vurderingsformer
Avsluttande mastereksamen omfattar tre delar:
- ei innlevert masteroppgåve,
- ein munnleg presentasjon (ca. 20 minutt) av dei viktigaste resultata i masteroppgåva
- ein munnleg prøve innanfor masteroppgåva sitt temafelt.
Det vert gitt 1 - ein samla karakter for desse.
Studenten kan levere masteroppgåva til 4 fastsette datoar i året - 1.februar, 15.mai, 1.september og 15.november.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Undervisningssted
Universitetet i Bergen og individuelt feltområde for datainnsamling
Emneevaluering
Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO350 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset undervisast i.
Kontaktinformasjon
Institutt for geografi
Studieveileder@geog.uib.no