Hjem

Etter- og videreutdanning

Etter- og videreutdanning

Økonomisk globalisering, produksjonssystem og miljø

Beskrivelse

Kurset fokuserer på økonomiske globaliseringsprosessar med konsekvensar for produksjonssystem, lokalisering av arbeidsplassar, miljø og berekraftig utvikling. Utgangspunktet er økonomisk geografi, som analyserer endringsprosessar i samfunnet internasjonalt, nasjonalt og lokalt. Undervisninga blir vidareført i kultur- og sosialgeografiske problemstillingar som er kopla mot spørsmål om stad og by.

Målgruppe

Kurset gir kompetanse som er relevant mellom anna for deg som har arbeidsoppgåver knytta til lokaliseringsvedtak, strategisk næringsplanlegging, regionale utviklingsstrategiar, undervisning og forsking i kommunar, fylkeskommunar eller i ulike delar av privat sektor.

Undervisning

Forelesingar og seminar ved Universitetet i Bergen.

Timeplan hausten 2017:

Undervisning i vekene 42 - 48.

Eksamen: veke 49 (med atterhald)

Meir detaljert informasjon vil komme.

Vurdering / eksamen

5 timars skriftleg skoleeksamen ved Universitetet i Bergen.

Opptaks- og forkunnskapskrav

Søkjarar over 25 år blir tekne opp på grunnlag av generell studiekompetanse eller realkompetanse, som ein ikkje treng dokumentere. Søkjarar under 25 år må dokumentere generell studiekompetanse (GSK).

Kontakt

Kontakt

For spørsmål om søknad og opptak:


UiB Videre
55 58 20 40
videre@uib.no

For faglege spørsmål:

Institutt for geografi
55 58 30 62
studieveileder@geog.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skoleeksamen

    Trekkfrist
    01.12.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen

Tilgjengelege kurs

Haust 2017
Pris: Ikkje studieavgift
Søknadsfrist: 26.09.2017