Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Introduksjon til klima-, atmosfære- og havfysikk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

I kurset blir det gjeve ei deskriptiv innføring i meteorologi, oseanografi, klima og kjemisk oseanografi. En sentral del av kurset vil gå med til å diskutera likskapar, forskjellar og vekselverknader mellom hav og atmosfære, og beskriva den generelle sirkulasjonen i verdshava og i atmosfæren. Studentane vil få ei innføring i sjøvatnet sine fysiske og kjemiske eigenskapar, havet sin sirkulasjon, blandingsprosessar, tidevatn og bølgjefenomen. I tillegg gjev kurset ei innføring i dei dominerande vêrsystema, strålingsbalanse, skyer og storskala dynamikk i troposfæren. Grunnleggjande variasjonar og endringar i klima blir diskutert. Utvalde laboratorieeksperiment vil verta nytta for å illustrera sentrale prosessar for rørsla til luft og vatn på ei roterande jord.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane:

- forstå og bruke grunnleggjande fagterminologi

- beskrive sjøvatnet sine underliggjande kjemiske og fysiske eigenskapar

- gjengi grunnleggjande prinsipp for tettleik- og vinddriven sirkulasjon i havet

- gi en grei forklaring på tidevatn og bølgjer i atmosfære og hav

- beskrive jorda sin atmosfære, inkludert sirkulasjon, transport, stråling, skyer og nedbør

- beskrive grunnleggjande prosessar for klimaet på jorda

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Fysikk 1+2 og Matematikk R1+R2 eller PHYS101 og MAT111 (kan også lesast parallelt)

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev. opptakskrav.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjent skriftleg oppgåve med oppgitt tema

(Gyldig i fire semester: Det semesteret obligatoriske arbeidskrav blir godkjent + tre etterfølgjande semester.)

Vurderingsformer

Slutteksamen, skriftleg, 5 timar. Må ha godkjent oppgåveinnlevering for å gå opp til slutteksamen. Tillatne hjelpemiddel på midtvegs og avsluttande eksamen: Kalkulator i tråd med retningslinjene til fakultetet.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

GEO113 5 ECTS, GEOF120 5 ETCS, GEOF130 5 ETCS

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Min side, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Munnleg eksamen

    Trekkfrist
    01.11.2017
  • Vurderingsordning: Skriftleg eksamen

    Dato
    19.12.2017, 09:00
    Varigheit
    5 timer
    Trekkfrist
    05.12.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen