Atmosfære- og havfysikk
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- GEOF105
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Målet med emnet er å gjennomgå grunnleggjande eigenskapar i meteorologi og fysisk oseanografi på ein kvantitativ måte. Vekselverknaden mellom hav og atmosfære er ein sentral del av det fysiske klimasystemet. For havet gjennomgåast verknaden av vind i form av Ekmanlag og Ekmantransport, geostrofisk kraftbalanse, enkle blandingsprosessar og effekter av virvler, og global sirkulasjon. For atmosfæren vert det lagt vekt på grunnleggjande termodynamikk, skyfysikk og grunnprinsippa i stråling og deira vekselverknader. Som ein del av emnet deltar studentane på eit tokt med både oseanografisk og meteorologisk feltarbeid. Studentane utfører òg laboratorieeksperiment og lærer bruk av vanlege måleinstrument og tolking av operasjonelle vêrmålinger.
Sjå video fra kurset: https://player.vimeo.com/video/317848387
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten skal kunne:
- bruke fagterminologi til å beskrive og vurdere sentrale prosessar i hav- og atmosfærefysikk
- gjenkjenne utledning av fundamentale likningar som skildrar prosessar i hav- og atmosfærefysikk, slik som adiabatiske prosesser, hydrostatisk balanse og stråling
- skildre dei grunnleggjande prinsippane innan atmosfærisk termodynamikk, stråling, mikrofysikk og dynamikk
- forklare korleis atmosfæren og jordrotasjonen påverkar havsirkulasjonen og skissere enkle modellar for havsirkulasjon
- skissere estuarin sirkulasjon og Ekmantransport
- gjere greie for geostrofisk balanse og gi eksempler på system med geostrofisk strøm
- gjengi måleprinsipp tl ulike typar måleinstrument for atmosfæren og havet og kunne diskutere typiske typiske feilkilder for instrumenta
- skildre samanhengen mellom ulike atmosfæriske prosessar i ulike værsystem
- definere og greie ut om ulike fluksar av varme, ferskvatn, rørslemengd og masse i og mellom hav og atmosfære
Ferdigheiter
Studenten skal kunne
- tolke atmosfæriske måledata frå verstasjoner, radiosonder, værradar og værsatellitt
- bruke programvare for å analysere aktuelle og varslede versituasjonar
- berekne tilstand, fluksar og prosessar i hav og atmosfære med bruk av relevante likningar og metoder
- skissere utvikling av blandelag som vert påverka av ulike fluksar (temperatur, ferskvatn) eller vind
- utføre enkle meteorologiske og oseanografiske observasjoner i felt og laboratoriet
- bruke programmeringsverktøy for å lage figurer, samt analysere og diskutere måledata
Generell kompetanse
Studenten skal kunne
- skildre, analysere og rapportere observasjonar frå laboratorieeksperiment og tokt
- planleggje og gjennomføre enkle felteksperiment under veiledning
- framstille resultat frå gruppearbeid som skriftlig rapport og muntlig presentasjon
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Haust
Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket.
Frist for å melde seg til undervising i emnet er torsdag i veke 33. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast tysdag i veke 34.
Tidspunkt for første forelesing finn du i timeplanen på nettsida til emnet eller på Mitt UiB. Det er obligatorisk oppmøte på første førelesning.
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga blir gitt i form av førelesningar med fokus på aktiv læring, tokt, laboratorieeksperiment og rekneøvingar.
Studentane skriv prosjektrapport frå tokt og lager ein kort presentasjon.
Aktivitet: 4 timar førelesning og 2 timar laboratoriearbeid eller rekneøvingar pr. veke i 15 veker
Tokt: ein arbeidsdag.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking i introduksjonsforelesing.
Deltaking på toktplanlegging, deltaking på tokt, godkjend toktrapport og toktformidling i valfritt format.
Deltaking i laboratorieeksperiment om blanding og rotasjon og oppsending av radiosonde.
Gyldig i fire semester: Det semesteret obligatoriske arbeidskrav blir godkjent og tre etterfølgjande semester.
Vurderingsformer
Ein labortorierapport i oseanografi (individuelt arbeid).
Ein laboratorierapport i meteorologi (grupperapoport+ presentasjon).
Laboratorierapportane er gyldige i semesteret dei vert levert og i eitt påfølgande semester.
Ein 4-timar skriftleg slutteksamen må vere bestått.
Studentane kan oppnå 7 prosentpoeng bonus på den skriftlege eksamenen gjennom å bestå 12 quizar relatert til førebuingsarbeid til undervisning.
Vi reknar saman poengsummar frå delvurderingane for å bestemme sluttkarakter i emnet. Prosentfordelinga for kor mykje rapportane og slutteksamen tel blir bestemt i samarbeid med studentane i løpet av dei fyrste 2 undervisningsvekene. Prosentfordelingen som er brukt i undervisningssemesteret vil også gjelde for tidleg eksamen i det påfølgjande semesteret.