Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Innføring i atmosfærens og havets dynamikk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gjev ei grunnleggjande innføring til dynamikken i atmosfæren og havet. Utgangspunktet for emnet er konservering av masse og rørslemengd og likningane som følgjer frå dette, uttrykt i både ikkje-roterande og roterande koordinatsystem. Fysisk tolking av likningane vert gjeven og forenkla uttrykk vert nytta for å forklare, forstå og rekna på, i hovudsak, storskala og fri rørsle i atmosfæren og i havet.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten kunne:

- utleie dei grunnleggjande likningane for rørsla i atmosfæren og havet

- nytta ulike versjonar av ikkjeroterande og roterande koordinatsystem for å rekna på rørsla i atmosfæren og havet

- utleie likningane for geostrofisk vind/straum og termalvind, og nytte ulike variasjonar av desse uttrykka på storskala og synoptiske system i atmosfæren og i havet

- berekne den grunnleggjande effekten av friksjon på rørsla i atmosfæren og i havet

- nytte fysiske prinsipp til å forklare den storskala, globale atmosfære- og havsirkulasjonen

- utleie og nytta dei grunnleggjande uttrykka for Ekman- og Sverdrupdynamikk i havet

- utleie og nytta uttrykk for grunnleggjande gravitasjon-, Rossby- og Kelvinbølgjer i atmosfære og hav

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MAT112, MAT131, MAT212, PHYS111 og erfaring med programmering, eks. MatLab eller Python.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Vurderingsformer

Midtvegseksamen, skriftleg, 2 timar; tel 20% av sluttkarakteren og er gyldig inneværande og påfølgande semester. Slutteksamen, skriftleg, 4 timar; tel 80% av sluttkarakteren og må vere bestått. Må ha deltatt på midtvegseksamen for å få gå opp til eksamen. Dersom færre enn 10 påmeldte, kan det bli munnleg eksamen.

Tillatne hjelpemiddel på avsluttande eksamen: Kalkulator i tråd med retningslinjene til fakultetet.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

 

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@gfi.uib.no

Eksamensinformasjon