Dataanalyse i meteorologi og oseanografi

Fakta om studiet

EmnekodeGEOF210
Studiepoeng10
UndervisingssemesterVår
Antall semester1
Undervisingsspråk
Engelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar.
Ressursar
TilhørerGeofysisk institutt

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studiekonsulent Geofysisk institutt: studierettleiar@gfi.uib.no

Mål og innhald

Emnet gir ei grunnleggjande innføring i statistiske metodar for oseanografi og meteorlogi. Dette inkluderer deskriptiv statistikk, hypotesetesting og sannsynsfordeling. Emnet vil vidare omhandle frekvensanalyse og filtrering av tidsseriar, samt identifisering av romleg samvariasjon ved metodar som lineær regresjon, korrelasjonsanalyse og empiriske ortogonale funksjonar. Teorien vil bli nytta på geofysiske problemstillingar.

Mål og innhald

Emnet gjev ei grunnleggjande innføring i statistiske metodar for analyse av observerte og numerisk modellerte storleikar i oseanografi og meteorologi. Dette inkluderer deskriptiv statistikk, hypotesetesting og sannsynsfordeling. Emnet vil vidare omhandle frekvensanalyse og filtrering av tidsseriar, samt identifisering av romleg samvariasjon ved hjelp av metodar som lineær regresjon, korrelasjonsanalyse og empiriske ortogonale funksjonar. Teorien vil bli nytta på geofysiske problemstillingar.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Forelesning 3 timar pr. veke.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Prosjektoppgåve

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Prosjektoppgåve

(Gyldig i fire semester: Det semesteret obligatoriske arbeidskrav blir godkjent + tre etterfølgjande semester.)

Undervisningssemester

Vår (fargekode: blå)

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor og master

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav.

Undervisningsstad

Bergen

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten kunne:

- handtere observasjons- og modelldata for statistisk analyse, og presentere resultata av analysen

- rekne ut grunnleggjande statistiske eigenskapar

- utføre hypotesetesting

- finne korrelasjon og regresjon mellom tidsseriar

- identifisere frekvensfordelinga i ein tidsserie

- identifisere romlig struktur i data

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten kunne:

- handtere og systematisere observasjons- og modelldata for statistisk analyse, og presentere resultata av analysen

- rekne ut og drøfte grunnleggjande statistiske eigenskapar

- utføre hypotesetesting

- finne korrelasjon og regresjon mellom tidsseriar

- identifisere frekvensfordelinga i ein tidsserie

- identifisere romlig struktur i data

- presenterer resultat av ein analyse i ein vitskapleg rapport

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

GEOF110 samt GEOF105 eller GEOF120 og GEOF130 (og STAT110)

Tilrådde forkunnskapar

GEOF105, eller GEOF120 og GEOF130 (og STAT110), eller tilsvarande.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester.

Vurderingsformer

Prosjektoppåva, må vere bestått for å gå opp til eksamen. Slutteksamen, skriftleg 4 timar. Dersom færre enn 10 påmeldte, kan det bli munnleg eksamen. Tillatne hjelpemiddel på eksamen: Ingen.

Vurderingsformer

Prosjektoppåva må vere bestått for å gå opp til eksamen. Slutteksamen, skriftleg 4 timar. Dersom færre enn 10 påmeldte, kan det bli munnleg eksamen. Tillatne hjelpemiddel på eksamen: Ingen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Institutt

Geofysisk institutt