Fysisk klimatologi
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 10 |
| Undervisningssemester | Haust (Fargekode: gul). |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Engelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar
Krav til forkunnskapar
MAT111 og PHYS111 eller tilsvarande.
Læringsutbyte
Ved fullført emne GEOF212 skal studenten kunne:
- definere og forklare sentrale begrep innanfor fysisk klimatologi
- forklare det globale energibudsjettet
- forklare dei grunnleggjande fysiske mekanismane bak storstilte klimavariasjonar
- gjere berekningar av jordas følsemd for variasjonar i eksterne pådrag slik som frå sol, vulkanar og variasjonar i drivhusgassar
- greie ut om dei viktigaste tilbakekoplingsmekanismane i klimasystemet
- greie ut om oppbygginga av matematiske klimamodellar
Kontaktinformasjon
Studiekonsulent Geofysisk institutt: studierettleiar@gfi.uib.no
Fagleg ansvarleg
Asgeir Sorteberg, førsteamanuensis (asgeir.sorteberg@gfi.uib.no)
Undervisningssemester
Haust (Fargekode: gul).
Eksamenssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Undervisningsspråk
Engelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Mål og innhald
Emnet gjev ei innføring i fysisk klimatologi for å betre forstå klimavariasjonar i fortid, notid og framtid. Kurset fokuserar i hovudsak på det storskala globale klimaet og gjennomgår dei fysiske prinsippa for det globale energibudsjettet, rollene til sirkulasjonen i atmosfæren og havet, og vekselverknad mellom dei ulike komponentane i klimasystemet vil verta drøfta. Blant anna vil ein sjå korleis endringar i overflatetype (is, snø, vegetasjon etc.), i atmosfærens samansetjing (gass og partiklar), i skyar eller i astronomiske forhold kan føre til klimavariasjonar. Vidare vil ulike metodar for å studere klimavariasjonar og moglege verknadar av menneskeleg verksemd på det globale klimaet verta gjennomgått.
Læringsutbyte/resultat
Ved fullført emne GEOF212 skal studenten kunne:
- definere og forklare sentrale begrep innanfor fysisk klimatologi
- forklare det globale energibudsjettet
- forklare dei grunnleggjande fysiske mekanismane bak storstilte klimavariasjonar
- gjere berekningar av jordas følsemd for variasjonar i eksterne pådrag slik som frå sol, vulkanar og variasjonar i drivhusgassar
- greie ut om dei viktigaste tilbakekoplingsmekanismane i klimasystemet
- greie ut om oppbygginga av matematiske klimamodellar
Krav til forkunnskapar
MAT111 og PHYS111 eller tilsvarande.
Tilrådde forkunnskapar
Obligatoriske arbeidskrav
Godkjende oppgåver
Vurderingsformer
Semesteroppgåve midt i semesteret; tel 20% av sluttkarakteren. Skriftleg slutteksamen, 4 timar; tel 80% av sluttkarakteren og må vere bestått. Dersom færre enn 10 påmelde, kan det bli munnnleg eksamen. Tillatne hjelpemiddel på avsluttande eksamen: ingen.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Undervisningssted
Bergen
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Studiekonsulent Geofysisk institutt: studierettleiar@gfi.uib.no