Gå til innhold
English A A A
Emne GEOF230

Fysisk-biologiske koplingar (NMP1)

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 10
Undervisningssemester Haust
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Engelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten kunne:

- beskrive korleis havfysikken verkar med biologiske og kjemiske prosessar til å påverke planktonproduksjon og rekruttering for fisk

- gjere greie for korleis plankton verkar tilbake på havfysikken

- forklare det store mangfaldet i måtar dei ulike økosystemene i verdenshava verker og det store spekteret i tilpasningsstrategier for organismer i ulike økosystem avhengig av bakgrunnstilhøva i biologi og havfysikk

- forklare dei grunnleggjande prinsippa for overføring av energi gjennom næringskjeda og kvar/korleis havklimaet verkar inn på denne overføringa

- bruke enkle modellar for turbulens for å berekne effekten av småskala turbulens på næringsopptak for plankton

- bruke enkle modellar for flyteevne for fiskeegg og turbulens i vassøyla til å berekne vertikal fordeling av fiskeegg

- lage eit laboratorieoppsett for temperaturkontrollert salinitetsgradient for å måle flyteevna til levande plankton

Kontaktinformasjon

Studiekonsulent Geofysisk institutt: studierettleiar@gfi.uib.no

Fagleg ansvarleg

Svein Sundby, professor II

Undervisningssemester

Haust

Eksamenssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Undervisningsspråk

Engelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Mål og innhald

Kurset gir ei innføring i korleis fysikken og kjemien i havet påverkar produksjon og fordeling av organismer på dei ulike nivåa i den marine næringskjeda, frå planteplankton til fisk og korleis fysiske og kjemiske faktorar påverker energifordelinga i næringskjeda. Det blir lagt vekt på at biologiske, fysiske og kjemiske prosessar er integrerte komponentar i verkemåten for marine økosystem, og at prosessane knytta til tids- og romskalaer er avgjerande for å forstå korleis havklimaet påverkar marine økosystem. Forståinga av dynamikken i marine økosystem baserer seg på "first principles" som inneber at det krevst ein viss matematisk kunnskap for å følgje kurset. Særleg treng ein kunnskap i matematikk for å følgje dei tema som omhandler verknadane av diffusjon og turbulens på fordeling og energioverføring på planktonnivåa i næringskjeda.

Læringsutbyte/resultat

Etter fullført emne skal studenten kunne:

- beskrive korleis havfysikken verkar med biologiske og kjemiske prosessar til å påverke planktonproduksjon og rekruttering for fisk

- gjere greie for korleis plankton verkar tilbake på havfysikken

- forklare det store mangfaldet i måtar dei ulike økosystemene i verdenshava verker og det store spekteret i tilpasningsstrategier for organismer i ulike økosystem avhengig av bakgrunnstilhøva i biologi og havfysikk

- forklare dei grunnleggjande prinsippa for overføring av energi gjennom næringskjeda og kvar/korleis havklimaet verkar inn på denne overføringa

- bruke enkle modellar for turbulens for å berekne effekten av småskala turbulens på næringsopptak for plankton

- bruke enkle modellar for flyteevne for fiskeegg og turbulens i vassøyla til å berekne vertikal fordeling av fiskeegg

- lage eit laboratorieoppsett for temperaturkontrollert salinitetsgradient for å måle flyteevna til levande plankton

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

GEOF130

Vurderingsformer

Skriftleg, 4 timar. Dersom færre enn 10 påmelde, kan det bli munnleg eksamen.Tillatne hjelpemiddel på avsluttande eksamen: ingen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Undervisningssted

Bergen

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Studiekonsulent Geofysisk institutt: studierettleiar@gfi.uib.no