Fysisk-biologiske koplingar (NMP1)

Fakta om studiet

EmnekodeGEOF230
Studiepoeng10
UndervisingssemesterHøst
Antall semester1
Undervisingsspråk
Engelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar
Ressursar
TilhørerGeofysisk institutt

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studiekonsulent Geofysisk institutt: studierettleiar@gfi.uib.no

Mål og innhald

Kurset gir ei innføring i korleis fysikken og kjemien i havet påverkar produksjon og fordeling av organismar på dei ulike nivåa i den marine næringskjeda, frå planteplankton til fisk og korleis fysiske og kjemiske faktorar påverkar energifordelinga i næringskjeda. Det blir lagt vekt på at biologiske, fysiske og kjemiske prosessar er integrerte komponentar i verkemåten for marine økosystem, og at prosessane knytt til ulike tids- og romskala er avgjerande for å forstå korleis havklimaet påverkar marine økosystem. Forståinga av dynamikken i marine økosystem baserer seg på grunnleggjande fysiske prinsipp som inneber at det krevst ein viss matematisk kunnskap for å følgje kurset. Særleg treng ein kunnskap i matematikk for å følgje dei tema som omhandlar verknadane av diffusjon og turbulens på fordeling og energioverføring på planktonnivå i næringskjeda.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten ha ei grunnleggjande forståing av korleis dei marine økosystema påverkast av vekselverknaden mellom fysiske, kjemiske og biologiske prosessar, og vera i stand til å nytta vitskapleg terminologi for å diskutera desse. Meir spesifikt skal studenten vera i stand til å

- forklåra dei grunnleggjande prinsippa for energioverføring mellom trofiske nivå.

- skildra fysisk-kjemisk-biologisk påverknad på marine organismar og populasjonar.

- forklåra grunnleggjande modellar for rekruttering og argumentera for mangfald som del av rekrutteringsmekanismen.

- skildra korleis sentrale hydrodynamiske prosessar påverkar dei viktegaste marine økosystema og argumentera for spennvidda i organismane sin tilpassingsrespons.

- skildra korleis plankton kan påverka fysikken og termodynamikken i havet.

- nytta enkle turbulensmodellar for å rekna ut turbulensindusert kontaktrate mellom planktonorganismar.

- nytta enkle oppdriftsmodellar for å rekna ut den vertikale fordelinga av fiskeegg.

- utføra eit laboratorieforsøk med vertikale saltgradientar for å måla oppdrifta for levande plankton.

Undervisningssemester

Haust

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor og master

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

GEOF130

Tilrådde forkunnskapar

GEOF130, GEOF105 eller tilsvarande.

Fagleg overlapp

Ingen 

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

2 førelesingar á 2 timar pr. veke

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Labkurs og rekneøvelsar.

Vurderingsformer

Artikkelpresentasjon og deltaking i diskusjon, tel 50 prosent av sluttkarakter.

Munnleg eksamen, tel 50 prosent av sluttkarakteren og må vere bestått.

Tillatne hjelpemiddel på avsluttande eksamen: Ingen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.