Hjem

Utdanning

Masteremne

Introduksjon til master

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeGEOF301
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Kurset gir ei innføring i metodikk som er relevant for gjennomføring av teoretiske og feltbaserte studiar, f. eks. litteratursøk, bruk av bibliotek, bruk av dataverktøy (Matlab, Latex, Fortran), vitskapsteori og etikk, statistikk og tips til skriving av masteroppgåve. Emnet skal førebu studentane på overgangen frå lågaregradsstudiar til eiga deltaking i forskingsverksemd på mastergradsstudiet. Kurset skal gjere studentane kjende med fasilitetar og felles metodikk for oseanografar og meteorologar, letta gjennomføringa av masteroppgåva ved å gi ei innføring i korleis ei vitskapleg undersøking innan desse felta planleggjast og gjennomførast, og gje studentane ei innføring i sentrale grunnlagsproblem samt forskings- og vitskapsetiske spørsmål innan geofysikk, inkludert forholdet mellom vitskap og samfunn.

Læringsutbyte

Etter fullført emne GEOF301 skal studenten kunne:

- vite korleis ei masteroppgåve og ei avhandling er planlagt og strukturert
- vere i stand til å nytta system for tekstbehandling; verktøy for analyse, programmering og grafikk; og bibliotekressursar
- forstå rolla til ein faglig rettleiar
- kjenne grunnleggjande LaTeX inkludert oppbygnaden av eit tekstdokument, definisjonen av figurar og tabellar, uttrykk for matematiske likningar og definisjonen av referansar i teksten og til litteratur
- ha førebudd ein LaTeX-mal for masteroppgåva
- kjenne til grunnleggjande Linux, med fokus på kommandolinja og tekstredigeringsverkt
- kjenne til grunnleggjande Fortran 77/90 (innlesing og utskriving av tekst og data, datatypar, sløyfer, kontrollstrukturar, etc.)
- vere klar over etiske og sosiale sider og problem som vedkjem eigen forsking og forsking innan relaterte fagområde

Krav til forkunnskapar

Opptak til Masterprogram i meteorologi og oseanografi eller Masterprogram i energi.

Tilrådde forkunnskapar

Bachelorgrad i meteorologi og oseanografi

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Frammøte og oppgåver (gyldig kun i semesteret dei vert godkjent)

Vurderingsformer

Godkjend oppmøte og oppgåver

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Vår, vurdering kun i semester med undervisning

Emneevaluering

 Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studiekonsulent Geofysisk institutt: studierettleiar@gfi.uib.no