Hjem

Utdanning

Masteremne

Modellar og metodar i numerisk vêrvarsling

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeGEOF321
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar.
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår. Kurset går kun dersom nok studentar melder seg.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

GEOF321 gjev ei innføring i vêrvarsling basert på numeriske modellar, initialisering av modellane og ulike metodar for etterprossesering. Komponentane som utgjer numerisk vêrvarsling og klimaprediksjon blir forklart og ei rettleiing for tolking av modellane vert gjeven. Veikskapar grunna oppløysing i rom og tid, val av parameteriseringar, tilhøva i grenselaget og starttilhøva blir undersøkt. Det blir også gitt ei innføring i å analysere og spore varslingsfeil, prediktabilitet, dataassimilasjon og ensembleprognosar. Fysiske og dynamiske prosessar i atmosfæren knytt til ulike vêrsystem vert vurdert og nytta i samband med tolking av resultata frå numeriske varslingsmodellar.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten kunne:

- kjenne til oppbyggjinga og avgrensingane til numeriske vêrvarslingsmodellar

- forstå omgrepa prediktabilitet, ensemblevarsling og dataassimilasjon

- kjenne til produkta som moderne vêrvarsel gjev

- vere i stand til å utarbeide enkele vêrvarsel

- vurdere kor usikkert eit vêrvarsel er

- kopla usikkerheit i modellane med relevante prosessar i atmosfæren

- visualisera og analysera resultat frå ein numerisk vêrvarslingsmodell

Krav til forkunnskapar

Bachelor i meteorologi og oseanografi eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

GEOF211, GEOF220 samt GEOF311 eller GEOF310, eller tilsvarande.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

2 førelesingar à 2 timar pr. veke

1 rekneøving à 2 timar pr. veke

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Regelmessig oppmøte på rekneøvingar med presentasjon av eigne løysingar.

(Gyldig i fire semester: Det semesteret obligatoriske arbeidskrav blir godkjent + tre etterfølgjande semester.)

Vurderingsformer

Skriftleg midtvegseksamen tel 20 % av sluttkarakteren, og er gyldig i to semester. Du må ha deltatt på midtvegseksamen for å få gå opp til munnleg eksamen.

Munnleg eksamen, 45 minutt, tel 80 %, må vere bestått.

Tillatne hjelpemiddel på avsluttande eksamen: Ingen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

Ingen 

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester.

Emneevaluering

 Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Institutt

Geofysisk institutt

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studiekonsulent Geofysisk institutt: studierettleiar@gfi.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Muntleg avsluttende eksamen

    Trekkfrist
    01.11.2017