Atmosfærens dynamikk
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 10 |
| Undervisningssemester | Haust |
| Fagleg overlapp | GEOF320:10sp |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Engelsk
Krav til forkunnskapar
Bachelor i meteorologi og oseanografi eller tilsvarande.
Læringsutbyte
Ved fullført emne GEOF326 skal studenten kunne:
- Definere og karakterisere synoptiske fenomen ut frå observasjonar av atmosfærerørsle
- Bruke matematiske metodar til analysere observasjonar av synoptiske fenomen
- Formulere problem i eit kvasigeostrofisk rammeverk og løyse dei ved hjelp av analytiske, eller enkle numeriske, metodar.
Kontaktinformasjon
Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Mi side, kontakt ev studiekonsulenten på Geofysisk institutt: studierettleiar@gfi.uib.no
Fagleg ansvarleg
Thomas Spengler (thomas.spengler@gfi.uib.no)
Undervisningssemester
Haust
Eksamenssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Undervisningsspråk
Engelsk
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Mål og innhald
Likningane som styrer rørsla og tilstanden i atmosfæra vil bli gjennomgått og skalert for bruk på synoptiske verfenomen på midlare bredder. Desse dannar utgangspunktet for kvasigeostrofisk teori som vert utleia og brukt til å studera bølger og synoptiske strukturar knytt til lavtrykk, høgrtykk og jettar. Når det gjeld bølgjer vert det i all hovudsak fokusert på stabilitet og forplantning av Rossbybølger og barokline bølger. Det vert også gitt ei kort innføring i effekten av storskala topografi og det atmosfæriske energibudsjettet på midlare bredder.
Læringsutbyte/resultat
Ved fullført emne GEOF326 skal studenten kunne:
- Definere og karakterisere synoptiske fenomen ut frå observasjonar av atmosfærerørsle
- Bruke matematiske metodar til analysere observasjonar av synoptiske fenomen
- Formulere problem i eit kvasigeostrofisk rammeverk og løyse dei ved hjelp av analytiske, eller enkle numeriske, metodar.
Krav til forkunnskapar
Bachelor i meteorologi og oseanografi eller tilsvarande.
Fagleg overlapp
GEOF320:10sp
Obligatoriske arbeidskrav
Prosjektoppgåve, skriftleg (godkjend/ikkje godkjend). Denne må vere godkjend for å få gå opp til slutteksamen.
Vurderingsformer
Midtvegsevaluering, skriftleg, 2 timar. Tel 20 % på sluttkarakteren. Slutteksamen, skriftleg, 4 timar. Tel 80 % avsluttkarakteren og må vere bestått. Dersom færre enn 10 påmelde, kan det bli munnleg eksamen.
Tillatne hjelpemiddel på avsluttande eksamen: Matematisk formelsamling og kalkulator i tråd med retningslinjene til fakultetet.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Undervisningssted
Bergen
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Mi side, kontakt ev studiekonsulenten på Geofysisk institutt: studierettleiar@gfi.uib.no