Mesoskala dynamikk
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 10 |
| Undervisningssemester | Vår |
| Fagleg overlapp | GEOF323: 5sp, GEOF325: 5sp |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Engelsk
Krav til forkunnskapar
Bachelor i meteorologi og oseanografi eller tilsvarande.
Læringsutbyte
Ved fullført emne GEOF328 skal studenten kunne:
- Definere og karakterisere mesoskalafenomen
- Formulere problem i eit fysisk og matematisk rammeverk
- Utvikle idear til å løyse problem analytisk og i nokon grad numerisk
- Skrive enkle program for å løyse numeriske problem og å visualisere løysinga
Fagleg ansvarleg
Thomas Spengler, Førsteamanuensis (Thomas.Spengler@gfi.uib.no)
Undervisningssemester
Vår
Eksamenssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Undervisningsspråk
Engelsk
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Mål og innhald
I GEOF328 vil du lære om ei rekkje verfenomen som har mindre skala enn dei synoptiske systema, men større enn mikroskalaen. Generelt har desse fenomena ein lengdeskala på rundt 100 meter til eit par hundre kilometer og tidsskala på opp til ein dag. Her finn ein også aksellerasjonar i horisontal og vertikal vind som resulterer i
store Rossbytal og tilhøve som gjer at ein ikkje kan bruke den hydrostatiske tilnærminga og kvasigeostrofisk teori. Kursmateriellet inneheld stoff om frontar, land-sjøbris, gravitasjonsbølgjer, hydraulisk teori, sirkulasjon knytta til orografi og konvektive versystem. I dette kurset vil det verte lagt hovudvekt på konseptuelle modellar og matematiske utleiingar for å beskrive observerte versystem.
Læringsutbyte/resultat
Ved fullført emne GEOF328 skal studenten kunne:
- Definere og karakterisere mesoskalafenomen
- Formulere problem i eit fysisk og matematisk rammeverk
- Utvikle idear til å løyse problem analytisk og i nokon grad numerisk
- Skrive enkle program for å løyse numeriske problem og å visualisere løysinga
Krav til forkunnskapar
Bachelor i meteorologi og oseanografi eller tilsvarande.
Tilrådde forkunnskapar
GEOF320 eller GEOF326
Fagleg overlapp
GEOF323: 5sp, GEOF325: 5sp
Obligatoriske arbeidskrav
Oppgåveløysing
Vurderingsformer
Munnleg eksamen. Tillatne hjelpemiddel på avsluttande eksamen: ingen.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalen A-F nytta.
Undervisningssted
Bergen
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.