Gå til innhold
English A A A
Emne GEOF332

Feltkurs (undervisningstokt) i oseanografi

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 5
Undervisningssemester Vår
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Engelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar

Krav til forkunnskapar

Bachelor i meteorologi og oseanografi eller tilsvarande.

Læringsutbyte

Etter dette kurset skal studenten kunne:

- planleggje eit vitskapleg tokt til sjøs

- gjere greie for korleis ulike osenografiske instrument virkar, deira bruksområde, avgrensingar, og kva slags data dei samlar inn

- analysere og framstille data frå nokre måleinstrument

- velje ut den mest relevante informasjon frå eit datasett

- skrive ein vitskapleg rapport

- greie ut om arbeidsrutinar om bord i et forskingsfarty og naudsynet av eit strengt HMS regime

Kontaktinformasjon

Studiekonsulent Geofysisk institutt: studierettleiar@gfi.uib.no

Fagleg ansvarleg

Tor Gammelsrød, professor (Tor.Gammelsrød@gfi.uib.no)

Undervisningssemester

Vår

Eksamenssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester.

Undervisningsspråk

Engelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Mål og innhald

Toktet varer ca. ei veke, og vil i regel gå til ein fjord, med ein avstikkar til havs. Kurset gjev øving i bruk av dei vanlegaste oseanografiske instrumenta. Viktige komponentar i kurset er planleggjing før toktet, databehandsaming og utarbeiding av rapport etter toktet. Særleg etterarbeidet krev stor studieinnsats.

Læringsutbyte/resultat

Etter dette kurset skal studenten kunne:

- planleggje eit vitskapleg tokt til sjøs

- gjere greie for korleis ulike osenografiske instrument virkar, deira bruksområde, avgrensingar, og kva slags data dei samlar inn

- analysere og framstille data frå nokre måleinstrument

- velje ut den mest relevante informasjon frå eit datasett

- skrive ein vitskapleg rapport

- greie ut om arbeidsrutinar om bord i et forskingsfarty og naudsynet av eit strengt HMS regime

Krav til forkunnskapar

Bachelor i meteorologi og oseanografi eller tilsvarande.

Obligatoriske arbeidskrav

Rapport

Vurderingsformer

Godkjend deltaking og rapport.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Undervisningssted

Bergen

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Studiekonsulent Geofysisk institutt: studierettleiar@gfi.uib.no