Hjem

Utdanning

Masteremne

Fjernmåling i mikrobølgjeområdet

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeGEOF334
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar.
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår, kurset går berre dersom nok studentar melder seg.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Kurset skal gje studentane ei oversikt over ulike fjernmålingsteknikkar i mikrobøljeområdet blir brukte i oseanografi- og sjøisstudiar. Studentane får ei detaljert innføring i korleis målingar av elektromagnetisk stråling i mikrobølgjeområdet, både passiv og aktiv, blir brukt til å bestemme tilstandar på havoverflata, som vind og bølgjer, strøm og strømstrukturar, havnivå, overflatetemperatur og -saltinnhald, sjøisdrift og utbreiing. Bakgrunnsteori og empiriske samanhengar for vekselverknadar mellom mikrobølgjestrålane og overflata blir diskutert og sett i samanheng med spektralområde og instrumenttypar.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten kunne:

- diskutere ulike fjernmålingsteknikkar i mikrobølgjeområdet som blir brukte i oseanografi- og sjøisstudier og vise styrkane og avgrensingane til teknikkane

- beskrive teori og empiriske samanhengar for interaksjon mellom mikrobølgjestrålingen og hav- og sjøisoverflaten

- identifisere og grunngi kva for oseanografiske- og sjøisstørrelser ein måler i dei ulike spektralområda av mikrobølgjeområdet

- angje på kva vis oseanografisk kunnskap er styrka takka være bruk av fjernmåling i mikrobølgeområdet.

Krav til forkunnskapar

Bachelor i meteorologi og oseanografi eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

GEOF310

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Vurderingsformer

Munnleg eksamen. Tillatne hjelpemiddel på avsluttande eksamen: ingen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester.

Emneevaluering

 Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studiekonsulent Geofysisk institutt: studierettleiar@gfi.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Munleg

    Trekkfrist
    01.11.2017