Vidaregåande kjemisk oseanografi

Fakta om studiet

EmnekodeGEOF336
Studiepoeng10
UndervisingssemesterVår
Undervisingsspråk
Engelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar.
Antall semester1
Ressursar
TilhørerGeofysisk institutt

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studiekonsulent Geofysisk institutt: studieretteleiar@gfi.uib.no

Mål og innhald

Kurset tek for seg kva fordeling av kjemiske stoff i hav og atmosfære betyr for klima og miljø i eit tidlegare tids-, notids- og framtidsperspektiv. Kurset vil omhandle aktuelle vitskaplege tema som t.d. havet si rolle i reguleringa av atmosfærisk CO2-innhald gjennom tidene og korleis dette vil endre seg i ei verd med høg CO2, kva havforsuring har å seie for opptak av atmosfærisk CO2 og funksjonelle biologiske grupper (økosystem), kva ein kan lære av eksperiment der havet si kjemiske samansetting blir manipulert (mesokosmer), og kva endra næringstilførsel via elver vil ha å seie for kystsona. Aktuelle tema kan variere frå år til år. Studentane leverer ei semesteroppgåve basert på sjølvstudiar av eit fritt vald tema innan kjemisk oseanografi og presenter oppgåva i plenum for dei andre studentane. Bestått oppgåve og presentasjon er obligatorisk for å kunna ta eksamen i emnet.

Læringsutbyte/resultat

Etter fullført emne skal studenten kunne:

- samanfatte kva klima- og miljøendringar som er venta i framtida basert på dei mest oppdaterte forskingsresultata

- arbeide vidare med denne informasjonen i eit kritisk og analytisk perspektiv

- lese og arbeide med informasjon frå den internasjonale vitskaplege pressa i ei semesteroppgåve basert på eit vald tema

- presentere/formidle innhaldet i semesteroppgåva

Undervisningssemester

Vår

Eksamenssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Krav til forkunnskapar

Bachelor i meteorologi og oseanografi eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

GEOF236

Obligatoriske arbeidskrav

Rapportar frå rekneøvingar og laboratorieøvingar.

Vurderingsformer

Prosjektoppgåve og presentasjon; tel 20% av sluttkarakteren. Slutteksamen, skriftleg 4 timar; tel 80% av sluttkarakter og må vere bestått. Dersom færre enn 10 påmelde, kan det bli munnleg eksamen. Tillatne hjelpemiddel på avsluttande eksamen: ingen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.