Hjem

Utdanning

Masteremne

Fysisk oseanografi i fjordar

Studienivå (studiesyklus)

Master, ph.d.

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet tek for seg grunnleggjande eigenskaper til sirkulasjonen, vassmassar, blandeprosessar og energien i fjordar. I tillegg til ein teoretisk introduksjon til roterande hydraulikk for homogen og lagdelt straum, vil det inngå feltarbeid i ein fjord og gjennomgang av sentral faglitteratur på utvalde emne i fjordfysikk. Studentane vil få eit breitt grunnlag for praktisk og teoretisk innsikt i sirkulasjon og utveksling av vatn i fjordar, samt opparbeida kunnskap og forståing av energibudsjettet og responsen til eksterne pådrag. Energibudsjett for estuarin sirkulasjon i fjordar, vassutvekslinga med kystvatnet, fornying av vatnet under terskeldjupet, verknaden av tidevatn med fjordgeometri, vertikal blanding driven av indre bølgjer og hydrografien i dei viktigaste norske fjordane blir også handsama. Feltarbeidet frå fjordtoktet vil gje øving i bruk av eigna instrumentering, dataanalyse og rapportering, og vil vera med på å kopla teori og observasjonar.

Læringsutbyte

Etter å ha teke dette kurset skal studenten kunne:

- peike på og diskutera hovudtrekka til sirkulasjonen i ein fjord

- peike på og drøfte grunnleggjande eigenskaper til lagdelt, estuarin straum

- bruke enkle fysiske modellar til å forklare utvekslinga av vassmassar i ein fjord

- samanlikne og drøfte ulike fjordtypar med omsyn til pådrag og sirkulasjonsmønster

- skildra prosessar som medverkar til vertikal blanding i fjordbasseng

- skildre prosessane som finn stad nær terskelsonen og drøfte korleis dei verkar inn på den vertikale blandinga

- analysera og presentere data frå feltarbeidet for å skildra tilhøyrande prosessar og sirkulasjonen i ein fjord

Krav til forkunnskapar

Bachelor i meteorologi og oseanografi eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

GEOF 310 Turbulens i atmosfærens og havets grenselag eller tilsvarande, og GEOF331 Tidevannsdynamikk eller tilsvarande

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

2 førelesingar; 2+1 timar pr. veke
Feltarbeid, 5 døgn
Kvar veke presenterer studentar artiklar og oppgåver

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Regelmessig deltaking på førelesningar. Deltaking på feltarbeid, innlevering og presentasjon av rapport. Presentasjon av ein tildelt vitskapleg artikkel. (Gyldig i fire semester: Det semesteret obligatoriske arbeidskrav blir godkjent + tre etterfølgjande semester.)

Vurderingsformer

Munnleg eksamen. Tillatne hjelpemiddel på avsluttande eksamen: ingen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

 GEOF332: 5 sp.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester.

Emneevaluering

 Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Institutt

Geofysisk institutt

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studiekonsulent Geofysisk institutt: studierettleiar@gfi.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Munleg

    Trekkfrist
    01.11.2017