Hjem

Utdanning

Masteremne

Polar oseanografi

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeGEOF338
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk, norsk dersom kun norskspråklege studentar.
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master/PhD.

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Sirkulasjonen og dynamikken i dei polare havområda inkludert Norskehavet og Grønlandshavet blir gjennomgått. Emna blir diskutert når det gjeld variasjonar i klima, og samanlikning mellom Arktis og Antarktis vert gjort. Spesielle prosessar og problemstillingar knytt til termodynamikk for kaldt sjøvatn, teori for blanding, grenselagsprosessar og danning av havis, og varmebudsjett for Arktis og Antarktis blir handsama, saman med modellar for botnvatndanning og klimavariasjonar.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten kunne:

- beskrive dei viktigaste særtrekka ved sirkulasjonen i dei polare havområda

- diskutere dei viktigaste prosessane knytt til utveksling mellom hav, is og atmosfære, samt danning av sjøis og vertikalblanding

- beskrive danning av sjøis, djupvassdanning og vertikal blanding

- forklare dei polare havområda si rolle i den globale djupsirkulasjonen

- diskutere rolla dei polare havområda har for variasjonar i klima

Krav til forkunnskapar

Bachelor i meteorologi og oseanografi eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

GEOF310

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

4 timar pr. veke, 2 dagar med 2 timar kvar

Forelesingar og rekneverkstad vil variera gjennom semesteret

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Oppgåver

(Gyldig i fire semester: Det semesteret obligatoriske arbeidskrav blir godkjent + tre etterfølgjande semester.)

Vurderingsformer

Munnleg eksamen. Dei obligatoriske oppgåvene vil inngå i eksaminasjonen. Tillatne hjelpemiddel på avsluttande eksamen: ingen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

GEOF335: 10 sp.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester.

Emneevaluering

 Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Munleg

    Trekkfrist
    01.11.2017