Polar oseanografi

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å beskrive sirkulasjon og dynamikk for det sørlege og nordlege polhavet, inkludert Grønlandshavet og Norskehavet. Emna vert diskutert relatert til variasjonar og samanlikna for Arktis og Antarktis.

Innhald:

Emnet skal formidle forståing for dei viktigaste prosessane til termodynamikken for kaldt sjøvatn, teoriar for blanding og danning av tungt sjøvatn, prosessar i grenselaga, frysing av sjøis, smelting av isbremmar, og varmebudsjett for dei to polhava. Prosessane vert diskutert med bakgrunn i naturlege klimavariasjonar og pågåande global oppvarming.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har ein avansert forståing om kva rolle dei to polare hava spelar i for alle verdas hav
  • forstår godt dei viktigaste trekk ved sirkulasjonen i Nordishavet og Sørishavet
  • forstår godt rollen fluksar av ferskvatn spelar, og effekter av lagdeling
  • har avansert kunnskap om avkjøling, frysing av sjøis, smelting av isbremmar, og produksjon av bunnvatn

 

Ferdigheiter

Studenten

  • beherskar analyse og berekning av fluksar mellom luft, is og hav fluksar og fryshastigheter for sjøis
  • kan forklare og berekne vertikalblanding, konveksjon og danning av tungt vatn
  • kan forklare sirkulasjon og fordeling av vannmassar i dei polare hav
  • kan bruke ein vertikal kolonne modell og analysera og forstå resultat frå denne

 

Generell kompetanse

Studenten

  • kan diskutere rolla til dei polare hav under global oppvarming
  • kan lese og legge fram artiklar frå internasjonale tidsskrift
  • kan presentere observasjonar og berekningar som en poster
  • kan skrive ein vitskapleg rapport med riktig bruk av referansar

 

 

 

Undervisningssemester

Vår, ved behov.
Emnet inngår i undervisningsopptaket.
Meir informasjon: www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Bachelor i klima-, atmosfære- og havfysikk (kalt Bachelor i meteorologi og oseanografi inntil haust 2017), eller tilsvarande
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
GEOF335: 10 sp.
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til eit masterprogram ved Det matematisk-natuvitskaplege fakultet eller ph.d utdnninga.
Arbeids- og undervisningsformer
4 timar forelesning eller seminar pr. veke, og 2 timar rekneøving eller eksperiment nokre veker.
Forelesingar og rekneverkstad vil variere gjennom semesteret
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Delta aktivt i ein gruppepresentasjon, delta i poster sesjon med eigen poster, holde innlegg om ein artikkel, delta i to laboratorie eksperiment og skrive ein vitenskapelig rapport basert på ein numerisk modell.
(Gyldig i fire semester: Det semesteret obligatoriske arbeidskrav blir godkjent + tre etterfølgjande semester.)
Vurderingsformer
Munnleg eksamen. Den vitenskapelige rapporten vil inngå i eksaminasjonen.
Karakterskala
Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
Emneevaluering
 Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@gfi.uib.no
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.