Hjem

Utdanning

Masteremne

Vindgenererte overflatebølgjer

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeGEOF343
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar.
  • Ressursar

Undervisningssemester

Annankvar haust, partalsår. Kurs går kun dersom nok studentar melder seg.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet omhandlar lineær og ikkje-lineær teori for tyngdebølgjer på djupt og grunt vatn. Ein tek for seg teoriar for danningsmekanismar, observasjonsmetodikken og bearbeiding av bølgjedata. Det statistiske grunnlaget for tolking av bølgjeobservasjonar blir teken opp og vidareført i form av korrelasjons- og spektralanalyse. Modellar og metodar for bølgjevarsling blir gjennomgått.

Læringsutbyte

Etter å ha teke dette kurset skal du kunne:

- greie ut om korleis overflatebølgjer i djupt og grunt vatn spreier og forplantar seg

- drøfte hovudtrekka i teoriane for korleis vinden skaper bølgjer.

- meistre statistiske metodar som blir brukt til å handsame observasjonar av bølgjer.

- greie ut om ulike metodar for bølgjevarsling, numerisk og manuelt.

Krav til forkunnskapar

Bachelor i meteorologi og oseanografi eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

GEOF310, GEOF330, GEOF331

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Øvingar og seminar.

(Gyldig i fire semester: Det semesteret obligatoriske arbeidskrav blir godkjent + tre etterfølgjande semester.)

Vurderingsformer

Munnleg eksamen. Tillatne hjelpemiddel på avsluttande eksamen: ingen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

 

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester.

Emneevaluering

 Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studiekonsulent Geofysisk institutt: studierettleiar@gfi.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Munleg

    Trekkfrist
    01.11.2017