Strålingsprosesser i meteorologi og klimatologi

Fakta om studiet

EmnekodeGEOF344
Studiepoeng10
UndervisingssemesterHaust
Undervisingsspråk
Engelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar.
Antall semester1
Ressursar
TilhørerGeofysisk institutt

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studiekonsulent Geofysisk institutt: studierettleiar@gfi.uib.no

Mål og innhald

Målet for kurset er at studentane skal få utdjupande forståing av fysiske prosessar knytt til solstråling og terrestrisk stråling for bruk innan meteorologi og klimatologi.

Emnet tek føre seg transport av både kortbølgja solstråling og langbølgja terrestrisk stråling i atmosfæren. Det blir vist kva for forenklingar som kan gjerast for å beskrive transporten av strålinga, til bruk i varslingsmodellar og i klimamodellar. Dette blir gjort både for ein skyfri og for ein skya atmosfære. Det blir også vist korleis total kortbølgja og langbølgja stråling ved overflata kan estimerast frå andre meteorologiske parametrar. I kurset blir det også gått gjennom korleis solstrålinga ved bakken varierer (t.d. spektralfordeling, vinkelfordeling, romleg fordeling, tidsvariasjonar osb).

Læringsutbyte/resultat

Etter fullført emne skal studenten kunne:

- greie ut om strålingstransporten av kortbølgja solstråling og langbølgja terrestrisk stråling både i ein skyfri og ein skya atmosfære

- skissere kva forenklingar som kan gjerast når strålingstransporten skal beskrivast i varslings - og klimamodellar

- forklare kva kvantitativ effekt skyer har på kortbølgja og langbølgja stråling

- greie ut om korleis ein kan estimere kortbølgja og langbølgja stråling ved bakken frå andre meteorologiske parametrar

- diskutere, mellom anna, spektralfordeling, vinkelfordeling, romleg fordeling og tidsvariasjonar av solstrålinga ved bakken

Undervisningssemester

Vår 2014 og haust 2014. Deretter vil emnet berre gå om hausten. Kurset går berre dersom nok studentar melder seg.

Eksamenssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester.

Studienivå

Master

Institutt

Geofysisk institutt

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav.

Krav til forkunnskapar

Bachelor i meteorologi og oseanografi eller tilsvarande

Tilrådde forkunnskapar

GEOF212 og GEOF220

Vurderingsformer

Munnleg eksamen. Dersom fleire enn 15 påmeldte kan det bli skriftleg eksamen. Tillatne hjelpemiddel på avsluttande eksamen: ingen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.