Hjem

Utdanning

Masteremne

Seminar i atmosfærisk vitenskap

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeGEOF351
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar.
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust, emnet går kun dersom nok studentar melder seg.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Kurset vil fokusere på ulike tema innan meteorologien. Studentane vil få ei innføring i sentrale forskingsområder gjennom nye publikasjonar så vel som gjennom oversiktsartiklar og grunnleggjande forskingsarbeid. Studentane vil diskutere utvalde artiklar innan feltet og vil både skrive ein oversiktsrapport og ein rapport innan eit valt tema. Temaet vil endre seg frå semester til semester.

Læringsutbyte

Etter gjennomført kurs skal studenten kunne:

- rapportere ideane, teoriane, metodane og resultata innan eit valt område i meteorologien

- etterlyse, evaluere, og kritisk vurdere relevante forskingsartiklar

- handtere både skriftleg og munnleg formidling og fagfellevurdering av essensen og drøften i det valde meteorologiske tema

- skrive i tilsvar med vitskapleg skriving og forskningsetiske prinsipper

Krav til forkunnskapar

Bachelor i meteorologi og oseanografi eller tilsvarande.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

2 forelesningar á 2 timar som innføring i emnet den første veka. Deretter 2 timar diskusjon av artiklar pr veke, inkludert student presentasjonar. 2 forelesningar á 2 timar om vitskapleg skriving midt i semesteret.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppmøte på alle forelesningar og deltaking i diskusjonane. Skriftleg oversiktsrapport, rapport innan eit valt tema, deltaking i fagfellevurdeling og studentpresentasjon blir kravd. Alle deler må være bestått.

Vurderingsformer

Studentpresentasjon tel 40 prosent, oversiktsrapport tel 20 prosent og skriftleg oppgåve tel 40 prosent av den endelege karakteren.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

Ingen.

Vurderingssemester

Det er eksamen kun i undervisningssemester.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Institutt

Geofysisk institutt

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studiekonsulent ved Geofysisk institutt: studierettleiar@gfi.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Presentasjon, rapport og oppgave

    Trekkfrist
    01.11.2017