Hjem

Utdanning

Masteremne

Avansert atmosfæredynamikk

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Emnet omhandlar avansert atmosfærisk dynamikk basert på dei grunnleggjande likningane. Fenomen som femner frå storskala til mesoskala utstrekning vil verta studert. Den kvasigeostrofiske kvervlingslikninga vil verta nytta for detaljerte undersøkingar av baroklin ustabilitet. Skilnadar mellom modellane til Eady, Charney og Phillips vil verta diskutert, inkludert relevansen til reell, atmosfærisk straum. Emnet vil utvida konseptet med potensiell kvervling og diskutera synoptiske til mesoskala fenomen ved hjelp av potensiell kvervling. Konseptet med vekselverknaden mellom kvervling og middelstraum og brytande bølgjer vil verta introdusert saman med Eliassen-Palm fluks. I forlenginga av dette vil vertikal og horisontal utbreiing av Rossby-bølgjer verta diskutert.

Læringsutbyte

Etter endt emne skal studentane kunne:

- formulera og løysa problem uttrykt ved hjelp av kvasigeostrofisk teori
- skildra og diskutera ulike typer med baroklin ustabilitet ved hjelp av kvasigeostrofisk teori

- nytta potensiell kvervling til å diagnostisere og tolka atmosfærisk straum
- forstå grunnleggjande vekselverknad mellom bølgjer og middelstraum, brytande bølgjer og Eliassen-Palm fluks
- utleia og nytta dispersjonsrelasjonar for tyngdebølgjer og planetære bølgjer

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad i meteorologi og oseanografi eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

GEOF110, GEOF213, samt GEOF100 og GEOF105 eller GEOF120 og GEOF130

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Regelmessig oppmøte på forelesningar og rekneøvingar med presentasjon av eigne løysingar og vitskapelege artikler. Må ha deltatt på midtvegs eksamen, skriftleg. (Gyldig i to semester, inkludert semesteret dei er godkjent.)

Vurderingsformer

Skriftlig midtvegseksamen tel 20 prosent av sluttkarakteren. Studentpresentasjon tel 20 prosent av sluttkarakteren. Munnleg eksamen, 45 minutt, tel 60 prosent og må vere bestått. Må ha deltatt på midtvegseksamenog gjennomført studentpresentasjon for å gå opp til eksamen. Tillatne hjelpemiddel på avsluttande eksamen: Ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Munnleg eksamen

    Trekkfrist
    01.11.2017