Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Kvartære havnivåendringer

Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor- og Masternivå

Undervisningssemester

Høst

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet omhandlar havnivåendringar og relaterte prosesser gjennom istider og mellomistider heilt fram til vår eiga tid, samt vurdering av framtidige havnivåendringar. Det vil bli gjeve ei teoretisk og praktisk innføring i studium av endringar i tidlegare tider og årsakene til desse. Regionalt vært hovudvekta lagt på Skandinavia, men metodar og resultat frå andre deler av jorda vil og bli gjennomgått. Det inngår øvingar i felt (boring og prøvetaking) og laboratorieanalysar for å lære "isolasjonsmetoden" med sikte på å bestemme høgd og alder av tidlegare havnivå. Emnet tek sikte på å gje ei djupare forståing av dei store og raske havnivåendringane som har prega Kvartærtida og dei viktigaste prosessane som fører til slike endringar både globalt og lokalt. Dette omfattar også kunnskap om metodane som vert nytta i slike studium og koplinga til klimaendringane og framveksten og tilbakesmeltinga av dei store isbredekka på jorda.

Læringsutbyte

Etter fullført emne GEOV223 skal studenten kunne:

  • Gjere greie for (i store drag) gangen i dei kvartære havnivåendringane som har funne stad i ulike deler av jordkloden.
  • Forklåre årsakene til dei store regionale skilnadene i havnivåendring som ein har observert
  • Ha kjennskap til dei viktigste prosesser som verker inn på havnivået, herunder isoststi, eustasi, geoidedeformasjon, temperatur- og salinitestspåverknad.
  • Ha kjennskap til samanhengen mellom global oppvarming og mogelege konsekvensar dette vil kunne få for framtidige havnivåendringar.
  • Kunne forklåre dei viktigaste metodane som blir nytta til å studere havnivåendringar i ulike deler av verda, med fokus på dei geologiske arkiva.
  • Kunne prøvetaka, dokumentere og tolke geologiske lagfølgjer i myr- og innsjøbasseng som vert nytta til å rekonstruere havnivåendringar.

Kunne skriva ein god rapport med resultat frå feltundgranskingar (boringar) av sedimentstratigrafien i eit myrbasseng som tidligare har vore havbotn.

Krav til forkunnskapar

GEOV101, GEOV102 samt GEOV106 eller GEOV110

Tilrådde forkunnskapar

 GEOV107

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev. opptakskrav.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar og lab. undervising/ 4t pr. veke

Feltøvingar/2-3 dagar

Tal på timar totalt: 50-60t

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjent rapport for feltøvingar. Gyldig rapport er godkjend i 2 (to) påfølgjande semester (gjelder fra og med vår 2017).

Vurderingsformer

 4 timar skriftleg eksamen. Tillate hjelpemiddel: Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

 

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Institutt

 Institutt for geovitenskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Min side, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skoleeksamen

    Dato
    07.12.2017, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    23.11.2017