Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Lab- og metodekurs i kvartærgeologi

Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor - og masternivå

Undervisningssemester

 Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet med emnet er at studentane skal stå betre rusta til å møte dei praktiske utfordringane knytt til oppstarten av ei felt- og/eller laboratoriebasert masteroppgåve i kvartærgeologi og paleoklima. Emnet gjev ei innføring i:

1) teknikkar som vert nytta i kvartærgeologisk feltarbeid (geofysiske metodar og kjerneprøvetaking,

2) teknikkar som vert nytta til analyse av prøvemateriale, og

3) handsaming av data (grafisk framstilling av data, geofysisk tolking av data).

Læringsutbyte

Etter fullført emne GEOV226 skal studenten kunne:

1) beherske teknikkar som vert nytta i kvartærgeologisk feltarbeid,

2) beherske teknikkar som vert nytta til analyse av prøvemateriale,

3) tolke geofysiske data samla inn i felt,

4) presentere ulike typar data grafisk og

5) planlegge og gjennomføre eige feltarbeid

Krav til forkunnskapar

GEOV101, GEOV102,GEOV104, GEOV107, GEOV111 samt GEOV106 eller GEOV110

Tilrådde forkunnskapar

Bachelor i geovitskap (geologi, geofysikk) eller tilsvarande, GEOV225.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Seminar/ tre dagar

Feltøvingar/ fem dagar

Laboratorieøvingar/ fem dagar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Seminardeltaking, feltøvingar med skriftleg innlevering, og laboratoriearbeid med journal. Godkjente obligatoriske aktivitetar er kun gyldig inneverande semester.

Vurderingsformer

Felt- og laboratorierapport. Det er berre mogelegheit for vurderingsmelding og innlevering av rapport i semestra emnet blir undervist.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen bestått/ikkje bestått nytta.

Fagleg overlapp

10 sp overlapp med GEO313 (for studenter med eksamen fra 2012 eller senere); 5 sp overlapp med GEO313 (for studenter med eksamen før 2012)

Vurderingssemester

Rapport. Det er kun mulighet for vurderingsmelding og innlevering av rapport i semestre hvor emnet blir undervist.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Institutt

Institutt for geovitenskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev. studiekonsulenten på instituttet.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Mappeevaluering

    Trekkfrist
    01.11.2017