Hjem

Utdanning

Masteremne

Kvartærgeologiske dateringsmetodar

Undervisningssemester

Haust.

Emnet vert ikkje undervist ved lågt studenttal og inngår derfor i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gir ei innføring i prinsippa for aldersestimering av geologisk materiale og geologiske arkiv som blir nytta i kvartærgeologi, paleoklimatologi og naturgeografi. Det blir gitt ei innføring i det teoretiske grunnlaget for radioaktivitet, radioisotopiske metodar (radiokarbon, uranserier, kosmogene nuklider) og radioisotopiske effekter (TL, OSL). Andre tema som vil bli drøfta kan være paleomagnetiske, kjemiske (aminosyreracemisering, tefra) og biologiske metodar for aldersbestemming. Emnet vektlegger praktisk bruk av dei ulike dateringsmetodane, samt deira styrke og veikskap.

Læringsutbyte

Ved fullført emne GEOV228 skal studenten kunne:

- forklare prinsippa og det teoretiske grunnlaget for dei ulike dateringsmetodane

- velje relevante dateringsmetodar til ei gitt problemstilling.

- gi ei kritisk og grunngitt vurdering av dateringsresultat ifrå dei ulike metodane

Krav til forkunnskapar

GEOV109 og GEOV110 (GEOV106 eller GEOV108). For geografistudentar: GEO111 og GEO112.

Tilrådde forkunnskapar

GEOV101, GEOV105, GEOV107

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar på Institutt for geovitskap og Institutt for geografi.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på øvingar og innlevering av oppgåver. Godkjende obligatoriske aktivitetar er gyldige i to påfølgjande semester (gjelder fra og med vår 2017).

Vurderingsformer

I emnet nyttast følgjande vurderingsformer:

  • Underveisvurdering av øvingar med innleveringar utgjer 40 % av karakteren
  • Avsluttande munnleg eksamen utgjer 60 % av karakteren

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

10 sp overlapp med GEOL328

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

 Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar ved Institutt for geovitenskap, E-post: studiekonsulent@geo.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Mappeevaluering

    Trekkfrist
    01.11.2017
    • Eksamensdel: Munnleg eksamen