Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Geomorfologi

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeGEOV229
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Geomorfologi er læra om landformar og landformdannande prosessar. Kva for geomorfologiske prosessar som til ei kvar tid er aktive avheng av tid og stad. Gjennom vekslande temaforelesningar, essay- og feltoppgåver tar emnet for seg tema som til dømes landformdannande prosessar i ulike klimasoner og tektoniske regimer, forholdet mellom landformar, geodynamikk og berggrunn, samt landskapsutviklinga i Noreg. Emnet vektlegg arbeid med eigne tekstar; her inngår søking etter relevant informasjon, bruk av referansar i teksten, referansehandsaming, kommentere andre sine tekstar, samt handsaming av kommentarar motteke på eigne tekstar.

Læringsutbyte

Etter fullført emne GEOV229 skal studenten kunne:

1) skildre landformer og landformdannande prosessar i ulike klimasoner,

2) gjere greie for ulike teoriar og modellar for landskapsutvikling,

3) vurdere danningsmåte, alder og historie til landformer i Noreg,

4) planlegge og gjennomføre ei geomorfologisk feltundersøking (observasjonar, tolking, rapportering),

5) søke opp og finne relevant informasjon for belysning av essaytema,

6) vurdere kva som må ha referansar i eigne tekster,

7) anvende eit relevant referansehandsamingsverktøy.

Krav til forkunnskapar

GEOV109, GEOV110. For geografistudentar: GEO111, GEO112 og GEO212.

Tilrådde forkunnskapar

GEOV101, GEOV105, GEOV107

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller eventuelle opptakskrav.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Innlevering av eigne tematekster og kommentarer på andre sine tekster. Gruppevis planlegging og gjennomføring av feltoppgåve (1-2 dagar) med rapport. Individuelle refleksjonsnotat inngår i mappa. Godkjende obligatoriske aktivitetar er gyldige i to påfølgjande semester (gjelder fra og med vår 2017).

Vurderingsformer

Mappevurdering.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

5 sp overlapp med GEOL320 og GEOL329

Vurderingssemester

Vår. Det er berre mogelegheit for vurderingsmelding og innlevering av mappe i dei semester emnet vert undervist. 

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studiekonsulent ved Institutt for geovitenskap, E-post: studiekonsulent@geo.uib.no