Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Glasialgeologi

Undervisningssemester

Haust (fargekode: raud)

Emnet har eit avgrensa tall på plassar (30) og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet byrjar med eit femdagars feltkurs på Finse der avsetningar frå brear og brenære geologiske miljø vert studert. Førelesingane starter med ei innføring i glasiologi (brelære), der m.a. massebalanse, brerørsle og brehydrologi vert gjennomgått. Vidare vert glasiale erosjons- og avsetningsformer og effektar som isbrear og innlandsiser har hatt på utforminga av landskapet, som for eksempel fjell, dalar og fjordar gjennomgått. Det vert òg gjeve ein kort oversikt over andre kvartære landformer danna ved kjemisk og fysisk forvitring, skred og elve-erosjon. Metodar som vert nytta til å rekonstruere bre- og klimaendringar vert gjennomgått. Danningsmåte og klassifikasjon av dei viktigaste glasiale avsetningstypane vert gjennomgått. Beskriving og tolking av korleis havnivået har endra seg under og etter istidene inngår også i emnet. Det vert dessutan gjeve ei kort innføring i dateringsmetodar, med vekt på radiokarbon- og eksponeringsmetoden. Avsmeltingsforløpet til innlandsisane som dekka Nord-Amerika, Storbritannia og Skandinavia under siste istid vert gjennomgått. I undervisninga inngår kurs i flyfototolking av glasiale avsetningar og former, samt øvingar i konstruksjon av strandforskyvingskurvar og strandlinediagram.

Læringsutbyte

Studenten har kunnskapar om:

- glasiologi

- erosjons- og avsetnings-former

- landformer danna av brear

- metodar nytta til bre- og klimarekonstruksjon

- danningsmåte og klassifikasjon av avsetningsformer

- daterings-metodar

Studenten har ferdigheiter til å:

- skrive individuell feltdagbok

- gjere sjølvstendige feltobservasjonar

- utarbeide og rapportere feltdata

- grunngje tolkingar

- beskrive og tolke avsetningar

- utarbeide eit kvartærgeologisk kart

Studenten skal ved fullført emne kunne om:

- brear sin massebalanse, brerørsle og brehydrologi

- glasiale erosjons- og avsetningsformer

- avsmeltingsforløpet til isdekker

Krav til forkunnskapar

GEOV101, GEOV102 og GEOV110.

Tilrådde forkunnskapar

GEOV105

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller eventuelle opptakskrav.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesningar, øvingar, ekskursjon

Førelesingar: 2 timar pr veke i 14 veker

Øvingar: 2 timar per veke i fire veker (etter nærare avtale)

Feltkurs: 5 dagar i ei veke i byrjinga av semesteret

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Fire øvingar à 2 timar og 5 dagars feltkurs på Finse. Godkjend/ikkje godkjend feltrapport og øvingar med rapport. Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldige i to påfølgjande semester (gjelder fra og med vår 2017).

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen, 4 timar.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

10 sp med GEO111 (SV-fakultetet) og GEOV106, 5 sp overlapp med AG204 frå UNIS

Vurderingssemester

Høst/vår

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar ved Institutt for geovitenskap, E-post: studiekonsulent@geo.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skriftleg eksamen

    Dato
    08.12.2017, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    24.11.2017