Geomikrobiologi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- GEOV245
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk / engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å gje ei innføring i hovudgrupper av mikroorganismar som er viktige for biogeokjemiske syklusar og korleis desse deltar i nedbryting av mineral og bergartar og i utfelling og utforming av nye mineralavsetjingar.
Innhald:
Emnet gjev ei innføring i samanhengen mellom mikroorganismars metabolisme og geokjemiske miljø. Sentrale analytiske metodar for påvising og identifikasjon av mikroorganismar i materiale frå ulike geologiske miljø vert gjennomgått og demonstrert. Djupmarine sediment og hydrotermale system vert spesielt vektlagt.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten kan
- gje ei oversikt over dei viktigaste mikrobielle metabolismane for biogeokjemiske syklusar
- gje ei oversikt over dei viktigaste metodane for å påvise mikroorganismar i geologisk materiale
- forklare korleis dei mikrobielle prosessane fører til oppløysing av mineral/bergartar og til utfelling av nye sekundære mineral
- forklare samanhengen mellom geokjemiske profil og mikrobielle prosessar i ulike geologiske miljø
Ferdigheiter
Studenten kan
- vurdere kva for biogeokjemiske prosesser som er mest viktige i ulike typer miljø
- vurdere kva for type data som kan gje informasjon om dei biogeokjemiske prosessane i eit miljø
Generell kompetanse
Studenten kan
- anvende et presist fagspråk til å beskrive og diskutere geomikrobiologiske prosessar i ulike miljø
- demonstrere evnen til å fungere individuelt, i samarbeid og etisk med andre under gjennomføring av laboratorieoppgaver
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Haust
Emne har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Instituttet kan vurdere fritak fra forkunnskapskravet ved søknad. Kontakt studiekonsulenten på Instituttet
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesninger 2 timer per uke i 12 uker
Øvelser 4 timer per uke i 12 uker
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjent obligatorisk aktivitet er gyldig i totalt tre semester, inkludert semesteret dei først vart godkjende.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
Mappevurdering: munnleg presentasjon av essay, rapport frå øvingar
Det er ikkje mogleg å klage på mappevurderinga i dette emnet, då fleire deler av vurderinga foregår munnleg i undervisninga og ikkje vil kunne gjenskapast i ein klageprosess.