Hjem

Utdanning

Masteremne

Glasiologi

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeGEOV325
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk, engelsk ved behov
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår.

Emnet vert ikkje undervist ved lågt studenttal og inngår derfor i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet med emnet er å gje ei djupare og meir kvantitativ forståing av breprosessar og samspelet mellom vær/klima og brear enn det som blir gjennomgått i GEOV110 "Innføring i mariun og terrestrisk kvartærgeologi" og GEOV230 "Glasialgeologi". I emnet inngår samspelet mellom snø, is og klima, massebalansemodellering, temperatur i brear, brehydrologi, brerørsle og bredynamikk. Prinsippa for bremodellering blir gjennomgått. Studentane presenterer utvald glasiologisk litteratur på eit seminar.

Læringsutbyte

Etter fullført emne GEOV325 skal studenten kunne:

- Forklare på ein kvantitativ måte samspelet mellom snø, is og klima

- Forklare prinsippe for massebalansemodellering

- Gjere greie for temperaturforhold og -fordeling i brear og innlandsisar

- Forklare korleis vann beveger seg i brear (brehydrologi)

- Gjere greie for prinsippa for brerørsle og bredynamikk

- Forklare hovedprinsippa for bremodellering

- Presentere utvald glasiologisk litteratur for medstudentar

Krav til forkunnskapar

Bachelor i geologi, naturgeografi eller tilsvarende.

Tilrådde forkunnskapar

GEOV230

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller eventuelle opptakskrav.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Seminar. Godkjende obligatoriske aktivitetar er gyldige i 2 påfølgjande semester (gjelder fra og med vår 2017).

Vurderingsformer

3 timar skriftleg eksamen.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen hjelpemiddel er tillatne på eksamen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

5 sp overlapp med GEOL325; 5 sp overlapp med UNIS-emnet AG325 "Glaciology"

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

 Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på Insituttet.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skoleeksamen

    Dato
    26.09.2017, 09:00
    Varigheit
    3 timer
    Trekkfrist
    12.09.2017