Hjem

Utdanning

Masteremne

Petrologisk og geokjemisk feltkurs

Undervisningssemester

Haust, partallsår.

Emnet vert ikkje undervist ved lågt studenttal og inngår derfor i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet tar sikte på å gjere studentar fortruleg med magmatiske og vulkanske prosessar og produkt. For dette formål vil det leggjast til rette for alternative studiar i ulike feltområde, for til kvar tid å kunne gje det mest relevante studietilbod. Døme vil være studiar av 1) gneiser, ofiolitter (gamal havbotnskorpe), og mafiske-felsiske intrusjonar i Vest-Norge, eller 2) moderne vulkanisme og tektonisk aktivitet (for eksempel på Island, Kanariøyane el. tilsvarande). Emnet vert tilrettelagt gjennom forelesingar og seminar.

Læringsutbyte

Etter fullført emne GEOV343 skal studenten kunne:

- Forklare samanhengen mellom vulkanske prosessar og forskjellige typar lavastrømmar og pyroklastiske bergartar

- Tolke den magmatiske og geokjemiske utviklinga i forhold til grunnleggjande petrologiske prosesser og platetektonisk samanheng

- Tolke strukturane i intrusive og vulkanske bergartar i forhold til fysiske og kjemiske prosessar

- Oppsummere og rapportere tydeleg både munnleg og skriftleg den geologiske utviklinga i eit område

- Gjere sjølvstendige observasjonar i felten, bearbeide og rapportere feltdata og grunngje rasjonelle tolkingar

Krav til forkunnskapar

Bachelor i geovitenskap

Tilrådde forkunnskapar

GEOV109 og GEOV242 

Krav til studierett

Emnet er opent for alle masterstudentar knytt til Masterprogram i Geokjemi og geobiologi, og Masterprogram i geodynamikk

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Kollokvier og feltkurs. Godkjente obligatoriske aktiviteter er gyldige i inneværende semester.

Vurderingsformer

Deltagelse og rapport. Det er kun mulig å vurderingsmelde seg og levere rapport i semestre med undervisning.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen Bestått/ikkje bestått nytta.

Fagleg overlapp

5 sp overlapp med GEOL343

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

 Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studiekonsulent ved Institutt for geovitenskap, E-post: studiekonsulent@geo.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Deltaking og rapport

    Trekkfrist
    01.11.2017