Hjem

Utdanning

Masteremne

Regionalgeologisk feltkurs til Vestlandet

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeGEOV345
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk. Emnet undervisast på engelsk dersom engelskspråklege studentar meldar seg til emnet.
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen/Vestlandet. Feltkurset blir gjennomført med open båt (RIB) og studentane må være forberedt på dagar med dårleg vær (regn/vind) og at kurset da vil kunne opplevas som krevjande.

Mål og innhald

Feltkurset tar sikte på å gjere studentar kjent med Norges geologi. Ein vil få en innføring i geologien på vestlandet med fokus på ulike hendingar under kalendonsk fjellkjedebygging frå kambrium til devon. Dette vil omfatte: 1) danning av havbunnskorpe og subdukjonskompleks; 2) avsetjing av sedimentære sekvensar på kontinentmarginar, 3) danning av skyvedekker og oppbygging av den kaledonske dekkestratigrafien, 5) danning av høgtrykk metamorfe bergarter under kontinent-kontinent kollisjon, 4) seinkaledonsk utvikling, fjellkjedekollaps og avsetning av terrestriske sedimenter i devonsk tid. Ein vil og sjå på den pre- og post-kaledonske geologien på vestlandet. Dette vil omfatte utviklingstrekk i det prekambriske grunnfjellet, og døme på magmatiske bergarter og strukturer danna under opninga av Norskehavet i mesozoikum. Ekskursjonen er basert på bruk av open båt til transport. Deltakare vil få opplæring i sikker bruk av båt, og i bruk av nød- og kommunikasjonsutstyr under feltarbeid. Kurset vert tilrettelagt gjennom forelesingar og seminar.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten kunne:

- Oppsummere og rapportere tydeleg både munnleg og skriftleg den geologiske utviklinga for eit område

- Tolke magmatiske, tektoniske og sedimentære utviklingstrekk i et regionalgeologisk perspektiv

- Gjere sjølvstendige observasjonar i felt, bearbeide og rapportere feltdata og grunngje rasjonelle tolkingar

Krav til forkunnskapar

Bachelor i geovitskap eller tilsvarande

Tilrådde forkunnskapar

GEOV104, GEOV109, GEOV242

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller eventuelle opptakskrav

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Kollokvier, 6 timer

1 ukes feltkurs

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltakelse på kollokvier og feltkurs

Vurderingsformer

Skriftlig rapport. Det er kun mulig å vurderingsmelde seg og levere rapport i semestre med undervisning.

Karakterskala

Bestått/Ikke bestått

Fagleg overlapp

Ingen

Vurderingssemester

Vår. Vurdering er kun mulig i semester med undervisning.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem

Institutt

Institutt for geovitenskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet