Anvendt seismologi

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:
Kurset presenterar grunnleggjande konsept ved anvendt jordskjelvseismologi. Metodane og problemstillingane som vert presentert er og relevante for studentar interessert i jordas struktur og jordskjelvfysikk. Studentane vil få ei djupare forståing for metodar som modellering og inversjon gjennom dei tema som vert diskuterte innan jordskjelvseismologi.

Innhald:
Emnet gjev ein introduksjon i praktiske metodar innan jordskjelvseismologi, herunder også kjelde, bølgebanar og mottakarar. Som eit utgangspunkt vert nokre generelle konsept innan jordskjelvseismologi og forbindelser mot samfunnet diskutert. Emnet gjev ein introduksjon til seismisk instrumentering og brukar seismometeret som eit eksempel på ein dempa oscillator. Deretter gjennomgås jordss struktur og seismiske bølgefaser som vert observerte på lokal og global skala. Forskjellege sider ved kjelda til jordskjelv vert presentert, herunder også kildemekanismen. Ein gjennomgår konseptet med modellering av seismiske bølgjer og momenttensor inversjon. I tillegg til forkastningsgeometri vil emnet også omhandle dei dynamiske eigenskapene som er relaterte til forkastningsbevegelsen. Eit anna viktig tema i seismologi er jordskjelvlokalisering, som vert behandla som eit klassisk inversjonsproblem. Emnet vert avslutta med ein gjennomgang av seismisk demping.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar
Studenten kan

  • forklare generelle konsept innan jordskjelvseismologi og deira forbindelse til samfunnet
  • beskrive kjelda, bølgjebana og mottakar som hovuddelane i seismologi
  • demonstrere korleis jordskjelvmekanismen vert utleia frå bølgjeformdata
  • diskutera korleis observasjon av jordskjelv kan føra til betre modellar av jorda
  • presentera dei grunnleggjande faktorane ved seismisk demping
  • forklare matematikken bak teorien og tilnærmingane som vert presenterte

Ferdigheiter
Studenten kan

  • utgreie ulike delar av inverse problem i jordskjelvseismologi
  • forstå vitskaplege artiklar i jordskjelvseismologi og oppsummere innhaldet
  • vurdere kvaliteten av jordskjelvseismologiske resultat
  • gjera valg mellom ulike metodar og tilnærmingar i jordskjelvseismologi

Generell kompetanse
Studenten kan

  • presentere grunnleggjande konsept innan jordskjelvseismologi til ein som er ukjend med temaet
  • skrive vitskaplege rapportar og presentere resultat
  • diskutere vitskaplege tema

Undervisningssemester

Høst

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar

GEOV101

Instituttet kan vurdere fritak fra forkunnskapskravet ved søknad. Kontakt studiekonsulenten på Instituttet

Tilrådde forkunnskapar
GEOV111, GEOV219
Studiepoengsreduksjon

10 sp overlapp med GEOF270 og GEOF370

 

Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesningar, 2 timar/veke (12 uker)
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studenten skal skrive og levere ei semesteroppgåve om eit tema relevant for kurset. Obligatoriske aktiviteter er godkjent i 3 semester, inkludert semesteret dei først var godkjende.
Vurderingsformer
Semesteroppgåve 25% og skriftleg eksamen (4 timar) 75%.
Begge deler må vere bestått for å få endeleg vurdering i emnet.
Digital eksamen, sjå www.uib.no/student/86719/digital-vurdering-studenter.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semester utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret. Ved eventuell tidleg eksamen i påfølgjande semester vil resultatet frå dei andre vurderingsdelane stå. Disse kan ikkje tas opp igjen, i semester utan undervisning.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
 Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Enkel kalkulator tillatt, i samsvar med modeller angitt i fakultetets regler
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no
Administrativt ansvarleg
Det matematisk naturvitskaplege fakultet v/ Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.