Hjem

Etter- og videreutdanning

Etter- og videreutdanning

Arbeid i geotop - feltarbeid i geofag

Beskrivelse

Vidareutdanningskurset Arbeid i geotop - feltarbeid i geofag inneheld både geofag og fagdidaktikk, og er strukturert etter hovudmoment i læreplanen for programfag geofag. Læreplanen for programfag geofag viser at feltarbeid, gjerne i umiddelbar nærleik til skulen, er eit viktig prinsipp i det nye faget. Det er ganske lite feltarbeid i den norske skulen, og spesielt manglar skulen tradisjonar for geofagleg feltarbeid. Læreplanen for geofag nyttar omgrepet GEOTOP om eit feltområde der ein gjer geofaglege observasjonar og dei geofaglege tilhøva blir analyserte.

Meir informasjon om dette kurset og det øvrige kurstilbodet ved Institutt for geovitskap kan du lese her:

Kurs for lærere i geofag

Deltakarane må undervise i geofag/geografi eller ha tilgang til ei klasse i desse faga i løpet av kursperioden med omsyn til praksis.

Målgruppe

Lærarar i den vidaregåande skulen som underviser i geofag, eller som ynskjer å gjere det.

Undervisning

Undervisninga vert gjeve som fire samlingar, kvar på to til tre dagar, totalt 75 undervisningstimar. Samlingane omfattar forelesningar, presentasjonar og feltarbeid. Feltarbeidet vil vere både individuelt og i grupper.


1. samling: 4. - 6. september 2017
2. samling: 6. - 8. november 2017

3. samling: 5. - 6. februar 2018
4. samling: 9.- 10. april 2018

Nærare informasjon om stad og tid vert opplyst seinare.

Vurdering / eksamen

Skriftleg heimeeksamen (50%) og ein munnleg presentasjon av utarbeidd opplegg for eiga undervisning som samsvarar med innhald i kurset, inkludert refleksjonar etter utprøving av det opplegget som studenten har utarbeidd (50%).

All obligatorisk undervisning slik det er omtalt under punktet Obligatoriske arbeidskrav i emnebeskrivelsen må vere godkjent for å få gå opp til eksamen. Studentane er sjølve ansvarlege for å halde seg informerte om gjeldende fristar.

Opptaks- og forkunnskapskrav

Generell studiekompetanse og realfagskompetanse: Matematikk R1 eller (S1+S2) OG fordjuping i eit realfag (R1+R2) eller FYS(1+2) eller KJE(1+2) eller BIO(1+2) eller INFO(1+2) eller GEO(1+2) eller TEK(1+2). Dei spesielle opptakskrava kan også dekkast med fag frå vidaregåande opplæring før Kunnskapsløftet, og med fag frå høgare utdanning.

Du lastar opp naudsynt dokumentasjon samtidig som du søker plass.

Anbefalte forkunnskaper

Undervisninga er lagt opp i høve til at deltakarar har eiga klasse som dei kan bruke når dei skal jobbe med å utvikle undervisningsopplegg. Deltakarar uten eiga klasse vert oppfordra til gjere avtale med ein lærar om å få "låne" elevar.

Tilbud om studieplass

Dersom det melder seg mange kvalifiserte søkjarar, vil desse bli rangerte i følgjande rekkefølge: 

1. Lærarar som underviser i geofag i vidaregåande skule
2. Personar som skal undervise i geofag i vidaregåande skule
3. Lærarar
4. Andre

Kurset vert ikkje undervist med færre enn 6 deltakarar.

Kontakt

Kontakt

For spørsmål om søknad og opptak:

UiB Videre
55 58 20 40
videre@uib.no

For spørsmål om fagleg innhald:


Institutt for geovitskap
studieveileder@geo.uib.no


Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skriftleg+munnleg

    Trekkfrist
    01.11.2017
    • Eksamensdel: Hjemmeeksamen

    • Eksamensdel: Muntlig

Tilgjengelege kurs

Haust 2017
Kursdato: 04.09.2017 - 04.05.2018
Pris: Ikkje studieavgift
Søknadsfrist: Frist utløpt.