Hjem

Etter- og videreutdanning

Etter- og videreutdanning

Naturkatastrofer - argumentasjon og rollespill i geofag

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeGEOV622
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Beskrivelse

Kurset er det andre i i rekke på fire vidareutdanningskurs i geofag for lærarar. Kurset går over to semester og kombinerer geofagleg stoff om naturkatastrofer med undervisning om bruk av rollespel og argumentasjon.

Kurset gir solid bakgrunn for å undervise i hovudområdet Naturkatastrofer. Det handlar om korleis naturkatastrofer rammer natur, samfunn og menneske, om konsekvensar av naturkatastrofer og om korleis media presenterer katastrofene. I tillegg handlar hovudområdet om organiserte tiltak ved naturkatastrofer, som varsling, beredskap og fysiske tiltak, og om betydningea av internasjonalt samarbeid.

Målgruppe

Lærarar som underviser eller vil undervise i programfaget geofag i den vidaregåande skulen.

Undervisning

Undervisninga blir gitt som ein kombinasjon av nettundervisning ved bruk av læringsplattform og forelesningar, presentasjonar og feltarbeid over 4 samlingar ved UiB i løpet av dei to semestra studiet varer. Feltarbeidet vil vere både individuelt og i grupper. Ein må rekne med ein god del eigenarbeid mellom samlingane.

Samlingane er organiserte slik: 3 + 3 + 2 + 2 dagar. Totalt 75 timar.

Undervisninga legg opp til at deltakarane har ein klasse dei kan bruke, når dei skal utvikle undervisningsopplegg. Vi oppfordrar deltakarar som ikkje har eigen klasse om å avtale med ein annan lærar at ein kan "låne" klassen.

Obligatoriske arbeidskrav:

Det er obligatorisk frammøte minimum 80 % av tida på dei fire fellessamlingane. Det er krav om å vere tilstades ved avslutninga på alle samlingane, for å sikre at deltakarne får grunnlag for solide refleksjonar med omsyn til presentasjon av geofagleg stoff.

Krav om å møte på minst to rettleiingar i løpet av prosessen der deltakarane skal utvikle eigne undervisningsopplegg.

Krav om presentasjonar:
På dei to første samlingane må deltakarane presentere eige arbeid med utvikling av undervisningsopplegg. På siste samling er det eksamenspresentasjon.

Dersom deltakarane ikkje har fylt kravet til obligatorisk deltaking og innlevering av rapportar misser ein retten til å gå opp til eksamen.

Vurdering / eksamen

Skriftleg eksamenssvar og munnleg presentasjon på siste samling som til saman tel 100% og blir vurdert til bestått/ikkje bestått.

Opptaks- og forkunnskapskrav

Generell studiekompetanse og realfagskompetanse: Matematikk R1 eller (S1+S2) OG fordjuping i eit realfag (R1+R2) eller FYS(1+2) eller KJE(1+2) eller BIO(1+2) eller INFO(1+2) eller GEO(1+2) eller TEK(1+2).

Dei spesielle opptakskrava kan også dekkast med fag frå vidaregåande opplæring før Kunnskapsløftet, og med fag frå høgare utdanning.

NB. Kurset vert berre sett i gang dersom det er minimum 6 deltakarar.

Kontakt

Kontakt

For spørsmål om søknad og opptak:

UiB Videre
55 58 20 40
videre@uib.no

For spørsmål om fagleg innhald:


Institutt for geovitskap
studieveileder@geo.uib.no

Tilgjengelege kurs

Ingen tilgjengelege kurs