Gå til innhold
English A A A
Emne GLOB101

Global utvikling

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 10
Undervisningssemester Haust
Fagleg overlapp

For å få ein bachelorgrad ved Det samfunnsvitskaplige fakultet må minimum 10 / maksimum 20 studiepoeng innføringsemne/exfac-emne vere avlagt (utanom ex.phil.). SV-fakultetet har følgjande innføringsemne/exfac-emne: SV100, AORG100, ECON100, GEO100, GLOB101, INFO100, MEVI100, SAMPOL100, SANT100 og SOS100. Exfac-emne frå andre fakultet/institusjonar gir fritak for dette gradskravet.

Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Norsk/engelsk

Læringsutbyte

Studenten skal ha oppnådd innsikt i viktige temaet som gjeld globale utviklingsspørsmål. Vidare skal studenten kjenne til dei viktigaste debattane om utvikling og skal ha tileigna seg grunnleggjande innsikt i korleis dei fire fagdisiplinane geografi, sosialantropologi, statsvitskap og økonomi vinklar studiet av global utvikling. Studenten skal kunne reflektere over koplingane mellom større globale samanhengar og lokale utviklingsprosessar og skal sitje igjen med kunnskap som er relevant for det fleirfaglege første året av bachelorstudiet og vidare val av spesialisering i fagdisiplin.

Kontaktinformasjon

Institutt for sosialantropologi

Fosswinckelsgate 6

5007 Bergen

E-post: Studieveileder@sosantr.uib.no

Telefonnr: 55 58 92 50 / 55 58 94 51

Heimeside: http://www.uib.no/antro/

Undervisningssemester

Haust

Eksamenssemester

Haust/vår

Undervisningsspråk

Norsk/engelsk

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar ved UiB.

Mål og innhald

Emnet er ei felles innføring for studentar som begynnar på bachelorprogrammet i utviklingsstudiar. Emnet skal gi studentane ein grunnleggjande oversikt over aktuelle tematikkar og forskingsmessige tilnærmingar til global endring og utviklingsproblematikk. Undervisninga gir perspektiv og dømer frå faga sosialantropologi, geografi, økonomi og statsvitskap og er forankra i universitetet sin pågåande forsking i Afrika, Asia, Latin-Amerika og Stillehavsområdet. I studiet leggjast det vekt på koplingar mellom faga, og på å sjå utviklingsrelaterte problemstillingar i samanliknande perspektiv.

Emnet er organisert som ei serie førelesingar av forskarar frå dei fire institutta som er involvert i programmet: administrasjons- og organisasjonsvitskap, geografi, sosialantropologi og økonomi, og presenterar desse faga sine tilnærmingar til mellom anna globalisering, fattigdom, bistand, ressursforvaltning, makt og konflikt. Utvalde tematiske og geografiske fokus belysast i tillegg gjennom utvalde gjesteførelesingar og dokumentarfilmar.

Læringsutbyte/resultat

Studenten skal ha oppnådd innsikt i viktige temaet som gjeld globale utviklingsspørsmål. Vidare skal studenten kjenne til dei viktigaste debattane om utvikling og skal ha tileigna seg grunnleggjande innsikt i korleis dei fire fagdisiplinane geografi, sosialantropologi, statsvitskap og økonomi vinklar studiet av global utvikling. Studenten skal kunne reflektere over koplingane mellom større globale samanhengar og lokale utviklingsprosessar og skal sitje igjen med kunnskap som er relevant for det fleirfaglege første året av bachelorstudiet og vidare val av spesialisering i fagdisiplin.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Fagleg overlapp

For å få ein bachelorgrad ved Det samfunnsvitskaplige fakultet må minimum 10 / maksimum 20 studiepoeng innføringsemne/exfac-emne vere avlagt (utanom ex.phil.). SV-fakultetet har følgjande innføringsemne/exfac-emne: SV100, AORG100, ECON100, GEO100, GLOB101, INFO100, MEVI100, SAMPOL100, SANT100 og SOS100. Exfac-emne frå andre fakultet/institusjonar gir fritak for dette gradskravet.

Undervisning og omfang

Førelesingar, filmframsyning, seminar

2 timer per veke

15 veker

30 timer førelesning totalt

Obligatoriske arbeidskrav

Ingen

Vurderingsformer

4 timar skuleeksamen

Karakterskala

Karakterskala A-F

Emneevaluering

Emnet vert evaluert kvart undervisningssemester via Mi side.

Kontaktinformasjon

Institutt for sosialantropologi

Fosswinckelsgate 6

5007 Bergen

E-post: Studieveileder@sosantr.uib.no

Telefonnr: 55 58 92 50 / 55 58 94 51

Heimeside: http://www.uib.no/antro/