Gresk: Fordypningsstudium med bacheloroppgåve

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet gir meir djuptgåande kunnskapar innafor eit avgrensa område av gresk språk og litteratur. Det kan gjelde eit område som har inngått i studiet tidlegare (t.d. gresk drama, historiografi eller retorikk), ein ny periode (t.d. ein bysantinsk litteraturgenre), eller eit spesialfelt som epigrafikk.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten har

  • større kjennskap til gresk grammatikk og litteraturhistorie gjennom analyse av dei tekstane som blir lesne
  • tileigna seg utvida kunnskap om dei trekka som kjenneteiknar den litteraturen og kulturen studiet fokuserer på.

Ferdigheter

Kandidaten kan

  • utvikle, avgrense og formulere problemstillingar innan et gitt tema
  • kartlegge kva forskingslitteratur og kjelder som er relevant for problemstillinga
  • analysere forskingslitteratur/kjelder, trekke eigne konklusjonar på grunnlag av dette

Generell kompetanse

Kandidaten kan

  • setje seg inn i ein omfattande faglitteratur
  • formidle kunnskap derifrå
  • utvikle og gjennomføre eit lengre sjølvstendig skriftleg arbeid og argumentere for eigne konklusjonar derifrå

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Minimum eitt av emna: GRE101, GRE102, GRE103, GRE104
Tilrådde forkunnskapar
Avlagt eksamen i minst 3 av greskemna på 100-nivå.
Studiepoengsreduksjon
GRE254 overlappar med GRE204 (15 stp)
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av individuell rettleiing. Ein rår til at studenten tek del i eventuelle metode- og oppgåveseminar innafor mastergradsstudiet.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Munnleg presentasjon av tema og metode ved eit seminar. Obligatorisk rettleiing på bacheloroppgåva.

Dei obligatoriske aktivitetane er gyldige i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Bacheloroppgåve på omlag 15 sider under obligatorisk rettleiing. I tillegg kjem munnleg eksamen. Munnleg blir gitt etter sensur på bacheloroppgåva og har justerande funksjon med inntil ein karakter opp eller ned.

Bacheloroppgåva kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F.
Vurderingssemester
Haust og vår
Litteraturliste
Pensum er dels tekstar på gresk og i omsetjing, dels sekundærlitteratur. Omfanget av tekstane er avhengig av vanskegraden og høvet mellom originaltekst, omsetjingar og sekundærlitteratur, og av type tema.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant.
Programansvarleg
Programstyret for klassisk
Emneansvarleg
Fagmiljøet i klassiske fag
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium