Gå til innhold
English A A A
Emne HEFR330

Helsefremjande og primærførebyggjande arbeid: Innføring i sentrale omgrep

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Vår
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Norsk, men nokre tema kan vere på engelsk.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Læringsutbyte

Generelt læringsutbytte:

Etter arbeidet med emnet vert det venta at studentane viser fagleg forståing for og innsikt i aktuelle kunnskapsområde. Det vert venta at studentane:

  • Kan vurdere og samanlikne kunnskap frå fleire fagområde for å forklare problemområda
  • Kan analysere ved å bryte ned kunnskapsfeltet i mindre einingar
  • Ser samanheng mellom ulike perspektiv og kan kombinere desse
  • Trekkjer slutningar frå fakta, teoriar og modeller og kan velje mellom alternative forklaringar og kritisk grunngi sine val
  • Kan søkje etter og vurdere litteratur og informasjon

Spesifikt læringsutbytte:

Tema 1: Helsefremjande arbeid - ideologi og grunnleggande omgrep

Etter arbeidet med temaet vert det venta at studentane:

  • Har innsikt i den historiske utviklinga av helsefremjande arbeid og relevante omgrep
  • Forstår korleis verdiar og ideologiar har vore med å leggje grunnlaget for ulike tilnærmingsmåtar og strategiar for individretta og samfunnsretta helsefremjande arbeid
  • Kan analysere og diskutere konsekvensar av ulike verdisyn og dilemma i tradisjonane innanfor helsefremjande arbeid
  • Har innsikt i internasjonale føringar og utfordringar for det helsefremjande arbeidet

Tema 2: Perspektiv på folkehelse

Etter arbeidet med temaet vert det venta at studentane:

  • Har innsikt i utviklingstrekk omkring helsa og dei viktigaste helseproblema i befolkninga i dag
  • Har innsikt i individuelle, sosiale og strukturelle tilhøve som har relevans for helse og kan sjå samanhengen mellom desse
  • Kan analysere konsekvensar av sosial ulikskap for helsa til individet og befolkninga

Tema 3: Offentleg politikk og organisering

Etter arbeidet med temaet vert det venta at studentane:

  • Har innsikt i utviklingstrekka i norsk offentleg helsepolitikk og kan analysere konsekvensar av desse
  • Har innsikt i ulike teoriar og perspektiv (teoritradisjonar) for å forstå utvikling og konsekvensar av sosial ulikskap i helse
  • Har innsikt i dei institusjonelle og organisasjonsmessige rammene for det helsefremjande arbeidet
  • Har innsikt i relevansen av kommunen og lokalsamfunnet si rolle i det helsefremjande arbeidet
  • Kan analysere relevansen av tverrfagleg og tverrsektorielt samarbeid for helsefremjande arbeid
  • Har innsikt i og kan analysere rolla til profesjonane i det helsefremjande arbeidet.

Tema 4: Informasjonskompetanse

Etter arbeidet med temaet vert det venta at studentane:

  • Kan presisere informasjonsbehov med utgangspunkt i faglege problemstillingar
  • Har innsikt i ulike informasjonskjelder som er relevante for helsefremjande arbeid
  • Kan bruke bibliotekportalen og søkje i fagleg relevante databasar
  • Kan vurdere og rangere informasjon
  • Har innsikt i ulike former for relevans informasjonsressursar kan ha for faglege problemstillingar
  • Har innsikt i korleis ein brukar og kommuniserer informasjon på ein etisk måte

Kontaktinformasjon

For meir informasjon, ta kontakt med Informasjonssenteret ved Psykologisk Fakultet på telefon: 55 58 27 10 eller e-post: studieveileder.psyfa@uib.no

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsspråk

Norsk, men nokre tema kan vere på engelsk.

Studienivå

Master

Institutt

HEMIL-senteret

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett på masterprogrammet ´Masterprogram i Helsefag - Helsefremjande arbeid og helsepsykologi´

Mål og innhald

Mål:

Emnet HEFR 330 tar sikte på å kvalifisere studentane til å drive forsking, undervising og tiltak innan sentrale emne knytt til helsefremjande arbeid og helsepsykologi. I arbeidet vert det setta fokus på individuelle og strukturelle tilhøve som har relevans for helseåtferd, helseoppleving og livstilfredsheit. Det vert lagt vekt på å skulere studentane i grunnlagsteori, teoretisk grunngjeving for tiltak, og kritisk analyse av teoriutviklinga på feltet. Studentane vert venta å vise fagleg forståing for og innsikt i aktuelle kunnskapsområde gjennom å arbeide med relevante problemstillingar både individuelt og i basisgrupper.

Innhald:

Emnet er sett saman av fire hovudtema; 1) helsefremjande arbeid, 2) perspektiv på folkehelse, 3) offentleg helsepolitikk, og 4) informasjonskompetanse.

Læringsutbyte/resultat

Generelt læringsutbytte:

Etter arbeidet med emnet vert det venta at studentane viser fagleg forståing for og innsikt i aktuelle kunnskapsområde. Det vert venta at studentane:

  • Kan vurdere og samanlikne kunnskap frå fleire fagområde for å forklare problemområda
  • Kan analysere ved å bryte ned kunnskapsfeltet i mindre einingar
  • Ser samanheng mellom ulike perspektiv og kan kombinere desse
  • Trekkjer slutningar frå fakta, teoriar og modeller og kan velje mellom alternative forklaringar og kritisk grunngi sine val
  • Kan søkje etter og vurdere litteratur og informasjon

Spesifikt læringsutbytte:

Tema 1: Helsefremjande arbeid - ideologi og grunnleggande omgrep

Etter arbeidet med temaet vert det venta at studentane:

  • Har innsikt i den historiske utviklinga av helsefremjande arbeid og relevante omgrep
  • Forstår korleis verdiar og ideologiar har vore med å leggje grunnlaget for ulike tilnærmingsmåtar og strategiar for individretta og samfunnsretta helsefremjande arbeid
  • Kan analysere og diskutere konsekvensar av ulike verdisyn og dilemma i tradisjonane innanfor helsefremjande arbeid
  • Har innsikt i internasjonale føringar og utfordringar for det helsefremjande arbeidet

Tema 2: Perspektiv på folkehelse

Etter arbeidet med temaet vert det venta at studentane:

  • Har innsikt i utviklingstrekk omkring helsa og dei viktigaste helseproblema i befolkninga i dag
  • Har innsikt i individuelle, sosiale og strukturelle tilhøve som har relevans for helse og kan sjå samanhengen mellom desse
  • Kan analysere konsekvensar av sosial ulikskap for helsa til individet og befolkninga

Tema 3: Offentleg politikk og organisering

Etter arbeidet med temaet vert det venta at studentane:

  • Har innsikt i utviklingstrekka i norsk offentleg helsepolitikk og kan analysere konsekvensar av desse
  • Har innsikt i ulike teoriar og perspektiv (teoritradisjonar) for å forstå utvikling og konsekvensar av sosial ulikskap i helse
  • Har innsikt i dei institusjonelle og organisasjonsmessige rammene for det helsefremjande arbeidet
  • Har innsikt i relevansen av kommunen og lokalsamfunnet si rolle i det helsefremjande arbeidet
  • Kan analysere relevansen av tverrfagleg og tverrsektorielt samarbeid for helsefremjande arbeid
  • Har innsikt i og kan analysere rolla til profesjonane i det helsefremjande arbeidet.

Tema 4: Informasjonskompetanse

Etter arbeidet med temaet vert det venta at studentane:

  • Kan presisere informasjonsbehov med utgangspunkt i faglege problemstillingar
  • Har innsikt i ulike informasjonskjelder som er relevante for helsefremjande arbeid
  • Kan bruke bibliotekportalen og søkje i fagleg relevante databasar
  • Kan vurdere og rangere informasjon
  • Har innsikt i ulike former for relevans informasjonsressursar kan ha for faglege problemstillingar
  • Har innsikt i korleis ein brukar og kommuniserer informasjon på ein etisk måte

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Metodekunnskapar og akademisk skriving

Undervisning og omfang

Studiet vekslar mellom ulike undervisings- og arbeidsformer. Det vert lagt vekt på å stimulere studentane si evne til problemløysing, sjølvstende, evne til å finne og bruke relevante kjelder, refleksjon og kritisk tenking og evne til å presentere kunnskap. Gruppebaserte læringsprosessar vert nytta for å fremje studentane si evne til å arbeide i team.

Førelesingar

Innan kvart av dei tre temaområda vert det lagt opp opp til ressursførelesingar som gir ein overordna presentasjon av det aktuelle temaet. Desse førelesingane er tenkt å hjelpe studentane til å få oversikt over vesentlege moment som dei seinare kan gå i djupna på gjennom individuelt og gruppebasert arbeid.

Gruppebasert læring

Som del av gruppebasert læring vil studentane bli delte inn i basisgrupper som arbeider etter ein problembasert læringsstrategi over ein periode på 2-3 veker. Gruppene får rettleiing undervegs i arbeidet. Det er obligatorisk å delta på gruppemøta, og det vert stilt krav om :

  • At studentane er aktive og stiller forberedt
  • At studentane er aktive i innhenting av kunnskap
  • At studentane viser evne til problemløysing
  • At studentane tar ansvar i gruppeprosessen både for fagleg innhald og samarbeid i gruppa
  • At studentane har evne til å vurdere sin egen og gruppa sin innsats.

Sjølvstudium

Det vert forventa at studentane arbeider på eigahand både individuelt og i grupper.

Munnlege og skriftlege presentasjonar

Ein del av arbeidskrava vil vere å gjennomføre munnlege eller skriftlege presentasjonar (gjerne som del av gruppearbeid eller individuelt). Ein munnleg presentasjon vil til dømes være ein førelesing støtta av ein PowerPoint-presentasjon. Ein skriftleg presentasjon vil kunne være ein poster eller eit essay/ein rapport.

Skriftlege innleveringar (individuelt/gruppevis)

I dei skriftlege innleveringane skal studentane oppsummere og drøfte kjernestoffet i arbeidet med temaet med basis i læringsutbyteformuleringane.

Obligatoriske arbeidskrav

Deltaking i basisgrupper for problembasert læring er obligatorisk.

Følgjande tre arbeidskrav inngår i mappe og vert vurderte med godkjend/ikkje godkjend. Arbeidskrava må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen i emnet:

  1. Tema 1"Helsefremjande arbeid"/ Munnleg presentasjon.
  1. Tema 2 "Perspektiv på folkehelse" : 3 skriftlege individuelle oppgåver på 500+ 500+ 1000 ord knytt til sentrale omgrep innanfor emnet.
  1. Tema 3"Offentlig helsepolitikk"/ Munnleg presentasjon

Vurderingsformer

Heimeeksamen over 4 dagar. Teksten skal ha eit omfang av 3000 ord +/- 10 %.

Undervisningssted

Bergen

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisinga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

For meir informasjon, ta kontakt med Informasjonssenteret ved Psykologisk Fakultet på telefon: 55 58 27 10 eller e-post: studieveileder.psyfa@uib.no