Gå til innhold
English A A A
Emne HEFR340

Fordjuping i individuelle eller strukturelle tilhøve

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Vår
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Norsk.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Læringsutbyte

Generelt læringsutbyte:

Etter arbeidet med emnet vert det venta at studentane viser fagleg forståing for og innsikt i aktuelle kunnskapsområde. Det vert venta at studentane:

  • Kan vurdere og samanlikne kunnskap frå fleire fagområde for å belyse problemområda
  • Kan analysere ved å bryte ned kunnskapsfeltet i mindre einingar
  • Ser samanheng mellom ulike perspektiv og kan kombinere desse
  • Trekkjer slutningar frå fakta, teoriar og modeller og kan velje mellom alternative forklaringar og kritisk grunngi sine val
  • Kan søkje etter og vurdere litteratur og informasjon i ulike databasar med utgangspunkt i vitskapleg metodikk
  • Tar ansvar i gruppeprosessar både for fagleg innhald og samarbeid i gruppa
  • Har evne til å vurdere eigen og gruppa sin innsats.

Spesifikt læringsutbyte:

Etter fullført emne skal studenten ha kunnskap og innsikt relatert til dei tre hovudtemane i emnet.

Tema 1: Helsepsykologi

Etter arbeidet med dette temaet vert det venta at studentane:

  • har innsikt i omfang og konsekvensar av subjektive helseplager og ulike livsstilssjukdommar
  • har innsikt i modellar som kan beskrive og forklare samanhengen mellom arbeidsmiljøopplevingar, subjektiv helse og velvere
  • kan analysere og argumentere for tiltak som kan fremje meistring og helse på arbeidsplassen
  • kjenner til ulike teoriar/modellar for helseåtferd

Tema 2: Planlegging og evaluering av helsefremjande tiltak

Etter arbeidet med dette temaet ventast det at studentane:

  • har innsikt i strategiar og teoriar for å planleggje, gjennomføre og evaluere individ- og samfunnsretta tiltak for å fremje helse og velvere i ulike befolkningsgrupper
  • kan analysere konsekvensar av ulike strategiar for brukarmedverknad
  • kan analysere samspelet mellom individ og organisasjon
  • har innsikt i ulike arenaer og målgrupper for tiltak
  • har innsikt i mekanismar for å utvikle ein helsefremjande organisasjon

Tema 3: Informasjonskompetanse

Arbeidet med å tileigne seg informasjonskompetanse i HEFR 330 fortset i dette emnet. Etter arbeidet med dette temaet vert det venta at studenten:

  • Kan bruke ulike strategiar for informasjonssøk i tilknyting til skriveprosessen
  • Kan sjå samanhengen mellom god kjeldebruk og fagleg kvalitet i eige og andres arbeid
  • Kan finne relevant informasjon for presisering og vidareutvikling av faglege problemstillingar
  • Kjenner til plagieringsproblematikk i skriftlege arbeid
  • Har innsikt i ulike former for relevans informasjonsressursar kan ha for eige prosjekt

Evaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med Det psykologiske fakultet sin prosedyre for undervisningsevaluering. Evaluering av undervisninga skal skje minimum kvart 3. semester.

Vurdering / eksamensformer

Hjemmeeksamen. Karakter A-F

Praksisrapport med presentasjon. Bestått/Ikke bestått

Fagleg ansvarleg

HEMIL

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsspråk

Norsk.

Studienivå

Master

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett på masterprogrammet ´Masterprogram i Helsefag - Helsefremjande arbeid og helsepsykologi´

Mål og innhald

Mål:

Forskingsfeltet knytt til helsefremjande arbeid og helsepsykologi set fokus på korleis individuelle og strukturelle/organisatoriske faktorar, som til dømes personlege eigenskapar, organisasjonsstrukturer og sosiale klima har relevans for subjektiv helse, helseåtferd og livstilfredsheit. Meir spesifikt handlar det om å studere korleis belastings- og ressursfaktorar hos individet og i omgjevnadene verkar inn på utviklinga av sjukdom, helse, helseåtferd og livstilfredsheit.

Modulen Fordjuping i individuelle og strukturelle faktorar tek sikte på å kvalifisere studentane til å drive forsking, undervising og utvikling av tiltak innan sentrale emne i temaområdet. I arbeidet vert det sett fokus på å forstå samanhengen mellom individuelle og strukturelle forhold som har relevans for opplevinga av stress og meistring og korleis desse tilhøva vidare kan relaterast til helse, helseplager, helseåtferd og velvere. Det vert lagt vekt på å skulere studentane i grunnlagsteori, teoretisk grunngjeving for tiltak, og kritiske analyser av teoriutviklinga på felta.

Innhald

Emnet er sett saman av tre temaområde:

1) Helsepsykologi, 2) Planlegging og evaluering av helsefremjande tiltak, og 3) Vidareføring av informasjonskompetanse.

I arbeidet innan emnet skal studenten også i samarbeid med rettleiar utforme ein prosjektplan for planlagt masteroppgåve.

Læringsutbyte/resultat

Generelt læringsutbyte:

Etter arbeidet med emnet vert det venta at studentane viser fagleg forståing for og innsikt i aktuelle kunnskapsområde. Det vert venta at studentane:

  • Kan vurdere og samanlikne kunnskap frå fleire fagområde for å belyse problemområda
  • Kan analysere ved å bryte ned kunnskapsfeltet i mindre einingar
  • Ser samanheng mellom ulike perspektiv og kan kombinere desse
  • Trekkjer slutningar frå fakta, teoriar og modeller og kan velje mellom alternative forklaringar og kritisk grunngi sine val
  • Kan søkje etter og vurdere litteratur og informasjon i ulike databasar med utgangspunkt i vitskapleg metodikk
  • Tar ansvar i gruppeprosessar både for fagleg innhald og samarbeid i gruppa
  • Har evne til å vurdere eigen og gruppa sin innsats.

Spesifikt læringsutbyte:

Etter fullført emne skal studenten ha kunnskap og innsikt relatert til dei tre hovudtemane i emnet.

Tema 1: Helsepsykologi

Etter arbeidet med dette temaet vert det venta at studentane:

  • har innsikt i omfang og konsekvensar av subjektive helseplager og ulike livsstilssjukdommar
  • har innsikt i modellar som kan beskrive og forklare samanhengen mellom arbeidsmiljøopplevingar, subjektiv helse og velvere
  • kan analysere og argumentere for tiltak som kan fremje meistring og helse på arbeidsplassen
  • kjenner til ulike teoriar/modellar for helseåtferd

Tema 2: Planlegging og evaluering av helsefremjande tiltak

Etter arbeidet med dette temaet ventast det at studentane:

  • har innsikt i strategiar og teoriar for å planleggje, gjennomføre og evaluere individ- og samfunnsretta tiltak for å fremje helse og velvere i ulike befolkningsgrupper
  • kan analysere konsekvensar av ulike strategiar for brukarmedverknad
  • kan analysere samspelet mellom individ og organisasjon
  • har innsikt i ulike arenaer og målgrupper for tiltak
  • har innsikt i mekanismar for å utvikle ein helsefremjande organisasjon

Tema 3: Informasjonskompetanse

Arbeidet med å tileigne seg informasjonskompetanse i HEFR 330 fortset i dette emnet. Etter arbeidet med dette temaet vert det venta at studenten:

  • Kan bruke ulike strategiar for informasjonssøk i tilknyting til skriveprosessen
  • Kan sjå samanhengen mellom god kjeldebruk og fagleg kvalitet i eige og andres arbeid
  • Kan finne relevant informasjon for presisering og vidareutvikling av faglege problemstillingar
  • Kjenner til plagieringsproblematikk i skriftlege arbeid
  • Har innsikt i ulike former for relevans informasjonsressursar kan ha for eige prosjekt

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Det vert tilrådd at studenten kjenner til sentrale omgrep og tilnærmingar innan helsefremjande arbeid, slik at emnet 330 bør takast før emnet 340.

Undervisning og omfang

Undervisinga vekslar mellom bruk av førelesingar, gruppearbeid og individuelt arbeid. Innan kvart av temaområda vert det halde det førelesingar som gir ein overordna presentasjon av det aktuelle emnet. Desse førelesingane er tenkt å hjelpe studenten til å få oversikt over vesentlege moment som kan være til nytte i vidare individuelt og grupperelatert arbeid. I tillegg vert det nytta andre undervisings- og arbeidsformer som munnlege presentasjonar og skriftlege innleveringar