Hjem

Utdanning

Masteremne

Masterprogram i helsefag, felles studiedel: Forskningsmetode og -etikk

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Overordna mål:

Studentane skal gjennom emnet tileigne seg grunnleggjande kunnskap om ulike forskingsmetodar, deira bruk og metodologiske fundament, samt om forskingsetiske tema. Emnet skal bidra til utvikling av ei analytisk haldning og sjølvstende i skriftleg arbeid med tanke på kunnskap om metodologi og metode, metodebruk og forskingsetikk.

Fagleg innhald:

Innhaldet i dette emnet skal dekke ulike typar kvalitative og kvantitative forskingsmetodar, deira teoretiske fundament, bruk og praktiske framgangsmåtar, med særlig vekt på forsking i helsefag. Vitskapsetiske temaområde som normer for vitskapleg virke og forskingsetikk skal inngå.

Læringsutbyte

Etter fullført kurs skal studentane kunne

  • gjere greie for metodologisk forankring ulike typar forskingstilnærmingar og - design er knytt til
  • gjere greie for typar kunnskap som ulike forskingsmetodar er eigna til å bringe fram
  • kunne utforme og kritisk vurdere forskingsdesign i forhold til aktuelle problemstillingar
  • analysere publiserte studiar mht metodespørsmål

.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar og seminar

Oppgåveløysing med rettleiing frå medstudentar og faglærarar, på nett og i seminar.

Undervisinga er lagt i 3 bolker ila haustsemesteret. Kvar bolk er, saman med statistikkemnet (HELSTA), på 1 veke kvar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Aktiv deltaking på seminar og i gruppearbeid.

Presentasjon av gruppeoppgåve og innlevering av denne i læringsmappe.

Vurderingsformer

Ei individuell, skriftleg forskingsdesignoppgåve,

I tillegg vert ei gruppeoppgåve godkjent etter munnleg framlegg med tilbakemelding i seminar.

2 interne sensorer

Karakterskala

karakterskala A - F

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for global helse og samfunnsmedisin.

e-post: studie@igs.uib.no

tel: 55586100

Emneansvarleg:

Råheim, Målfrid

Institutt for global helse og samfunnsmedisin.

http://www.uib.no/personer/Malfrid.Raheim

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Innleveringsfrist
    21.12.2017, 14:00
    Trekkfrist
    01.09.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen