Hjem

Etter- og videreutdanning

Etter- og videreutdanning

Radiologi for manuellterapeutar (etter- og videreutdanning)

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeHELFYT661
  • Talet på semester1
  • Språknorsk
  • Ressursar

Beskrivelse

Kurs i radiologi gir ei innføring i bildediagnostiske moglegheiter og avgrensingar, med vekt på bildediagnostikk med relasjon til rørsleapparatet. Studenten skal kunne tolke beskrivelsar av røntgenbilde, inklusiv CT og MR-bilde, og sette dei i samanheng med kliniske funn. Undervising i radiologi dekker metodelære, prosedyrelære, bildetolking, samt indikasjonar og algoritmar. Radiologiske funn blir knytt opp mot kliniske funn, med hovuvekt på muskel- og skjelettsystemet. Bildetolking er relatert til dei viktigaste sjukdommane innanfor rørsleapparatet og differensialdiagnostiske vurderingar. Undervisingsmaterialet inneheld bilde frå ei rekke kasus eller pasientar.

Kurset blir vanlegvis gitt annakvart år i partalsår, neste gang våren 2018.

Målgruppe

Fysioterapeutar som har eller held på med vidareutdanning i manuellterapi. Kurset er obligatorisk for dei som vil bli primærkontakt for pasientar med muskel- og skjelettplager.

Undervisning

Samling på ei veke i februar.

Teori / førelesingar frå kl. 08.30 til kl. 15.00

Gruppearbeid med casuistikkar frå kl 15.00 til kl. 17.30 frå måndag t.o.m. torsdag. Gruppene blir delt inn før kurset og gjennomgangen går føre seg på Radiologisk avdeling, Auditorium H113, Haukeland Universitetssjukehus.

Vurdering / eksamen

Eksamen er ei 2-timars fleirvalgsoppgåve, som blir avvikla fredag etter den siste førelesinga.

Vurderingsresultatet blir gitt som bestått / ikkje bestått. Karakteren Bestått krev rett svar på meir enn 60% av oppgåvene.

Opptaks- og forkunnskapskrav

Du må dokumentere at du har bachelorgrad i fysioterapi eller tilsvarande og norsk autorisasjon som fysioterapeut. I tillegg må du levere inn dokumentasjon på at du har begynt på eller fullført eit mastergradsstudium i manuellterapi som er jamgodt med klinisk mastergradsstudium i manuell terapi ved Universitetet i Bergen.

Kontakt

Kontakt

For spørsmål om søknad og opptak:

UiB Videre
55 58 20 40
videre@uib.no

For spørsmål om fagleg innhald:

Institutt for global helse og samfunnsmedisin
v/ Jorunn Hvalby
55 58 89 57
jorunn.hvalby@uib.no

Tilgjengelege kurs

Vår 2018
Kursdato: 12.03.2018 - 16.03.2018
Pris: NOK 10000
Søknadsfrist: 07.01.2018