Differensialdiagnostikk og laboratorieprøver for manuellterapeutar (etter- og videreutdanning)

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Overordna mål:

Studenten skal få utdjupande kunnskap om medisinske tilstander som kan forvekslast med muskel- og skjelettplager, samt få kjennskap til bruk av dei mest brukte laboratorieundersøkingar.

Innhald:

Innhaldet skal dekke sentrale fagområde ein brukar som bakgrunnsinformasjon ved utøving av manuellterapi innan fagfelta nevrologi, reumatologi, medikamentbruk, ortopedi, svimmelhet, smertepsykologi, indremedisin, onkologi, og urologi.

Det vert og ei innføring i laboratorieanalysar med gjennomgang av ulike laboratorietestar relatert til klinikk, med vekt på det som er mest aktuelt i vanlig primærpraksis. Det vert gjort greie for diverse laboratorieprøver (kva for, kvifor, normalverdiar, avvik, osv.).

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten har

* inngåande kunnskap og innsikt i patologi relatert til muskel- og skjelettplager, inklusive aktuelle differensial-diagnosar for denne sjukdoms-kategorien, samt innsikt i diagnostikkreiskap som laboratorie-analysar

* innsikt i systemiske tilstander som kan gi opphav til muskel- og skjelettsmerte

* kjennskap til relevante laboratorieprøver og deira diskriminerande evne ift alvorleg sjukdom. Studenten skal ha basiskunnskap om fagfeltet laboratorieanalysar relatert til klinisk bruk

Ferdigheiter:

Studenten

* kan fortolke teikn og funn frå underliggjande sjukdom

* kan om naudsynt henvisa pasientar til spesialisthelsetenesten

Generell kompetanse:

Studenten

* Har kunnskap om dei vanligste lidingane som kan forvekslast med symptom frå muskel-skjelett-lidingar

* Kjennar til regelverk knytt til henvisning og primærkontaktansvar.

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskapar
Søkere må dokumentere at de har bachelorgrad i fysioterapi eller tilsvarende og norsk autorisasjon som fysioterapeut. I tillegg må de levere inn dokumentasjon på at de har begynt på eller fullført eit mastergradsstudium i manuellterapi som er jamngodt med klinisk matergradsstudium i manuellterapi ved Universitetet i Bergen
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisning i differensialdiagnostikk og laboratorieanalysar vert gjeven i form av førelesningar, gruppearbeid, sjølvstudium, og er direkte knytt til kliniske eksempel og tilstander.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Undervisninga er obligatorisk.
Vurderingsformer
Det vert halden ein 2-timers skriftleg eksamen med flervalgsoppgåver på slutten av kurset. Karakteren Bestått krev rett svar på meir enn 60% av oppgåvene.
Karakterskala
Bestått / Ikkje bestått
Litteraturliste
Det vil bli oppgitt litteratur som skal danna utgangspunkt for læringsaktivitet til studentane.