Bacheloroppgåve i helsefremjande arbeid
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
Emnet tilbys av
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Vår og haust |
| Krav til forkunnskaper | Emnet er ein del av bachelorprogrammet i helsefremjande arbeid. For å søkje opptak til programmet sjå www.samordnaopptak.no. For å få skrive oppgåva er det eit krav at studenten har gjennomført minimum 90 obligatoriske studiepoeng. |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningssemester
Vår og haust
Undervisningsspråk
Undervisningsspråk er til vanleg norsk, men undervisning på engelsk kan finne stad.
Læringsmål
Emnet er satt saman av ei generell innføring i skriving av bacheloroppgåve. Oppgåva skal ta utgangspunkt i eit tema/problemstilling knytt til helsefremjande arbeid. Oppgåva kan vere empirisk eller teoretisk bygd. Studenten skal på førehand ha gjennomført minimum 90 obligatoriske studiepoeng. Oppgåva kan innleverast i 4., 5. eller 6. semester. HEMIL-senteret vil sjå til at det føreligg ei liste med forslag til tema. Tema godkjennast av kursleiar og Avdeling for utdanning og helse.
Fagleg innhald
Hovudmålsettinga med bacheloroppgåva er at studentane skal føreta ei sjølvstendig drøfting og analyse av ei problemstilling med utgangspunkt i teoretiske eller empiriske tilnærmingar til helsefremjande arbeid eller forsking relevant for helsefremjande arbeid.
Studenten skal kunne dokumentere vitskapelig tenkje- og arbeidsmåte og oppgåva skrivast i ei form tilnærma ein vitskapelig artikkel. Oppgåva kan skrivast på norsk eller engelsk.
Krav til forkunnskapar
Emnet er ein del av bachelorprogrammet i helsefremjande arbeid. For å søkje opptak til programmet sjå www.samordnaopptak.no. For å få skrive oppgåva er det eit krav at studenten har gjennomført minimum 90 obligatoriske studiepoeng.
Læremiddelomtale
Individuelt valgt litteratur. Vitskapelig skriving og innføring i APA-standard.
Undervisningsmetodar
Førelesingar og individuell rettleiing.
Obligatoriske aktivitetar (særskilde krav)
Ingen
Evaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med Det psykologiske fakultet sin prosedyre for undervisningsevaluering. Evaluering av undervisninga skal skje minimum kvart 3. semester.
Vurdering / eksamensformer
Skriftleg oppgåve på 7000 ord, eksklusiv referansar, appendiks og tabellar. Oppgåva kan skrivast på norsk eller engelsk. Det vert nytta graderte karakterar (A-F).
Fagleg ansvarleg
Avdeling for utdanning og helse