Gå til innhold
English A A A
Emne HEMB250

Historiske og kulturelle perspektiv på helse (bacheloroppgåve)

Undervisningsperiode :

Aktuelle studieprogram

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Vår
Fagleg overlapp HEMB111
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Norsk

Krav til forkunnskapar

Ingen

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ved fullført emne har studentane kunnskap om kvifor det offentlege har arbeidd med befolkninga si helse, korleis det offentlege har søkt å fremje helse og kva helsepolitikken har hatt å seie. Studentane har òg innsikt i det ikkje-autoriserte helsevesenet, og kvifor nokon vel alternative behandlingsformer.

Ferdigheiter

Studentane har tileigna seg evne til kritisk refleksjon i høve til feltet, dei kan skriva ein lengre resonnerande tekst og kan nytta faglege kunnskapar på teoretiske problemstillingar.

Generell kompetanse

Studentane kan diskutera faglege tema med andre med bakgrunn innafor fagområdet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsspråk

Norsk

Studienivå

Bachelor

Institutt

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved UiB.

Mål og innhald

Læringsmål

Studiet skal gje innsikt i kvifor og korleis det offentlege har arbeidd for å fremje helse i befolkninga og i teoretiske og metodiske perspektiv på dette arbeidet. Emnet skal bidra med kunnskap om korleis relasjonen mellom det offentlege og det alternative på helse- og sjukdomsfeltet vert uttrykt.

Fagleg innhald

Strukturen i emnet er todelt. Den første delen tek opp offentleg helsepolitikk, medan den andre delen tek opp folkelege førestellingar av helse i eit kulturelt og historisk perspektiv. I den første delen vert det gjeve ei innføring i historia til den offentlege helsepolitikken og korleis slik politikk kan analyserast. Kva er grunngjevinga for bestemte trusseloppfatningar, kva har vore avgjerande for val av midlar og metodar, korleis har ulike delar vorte sett saman til ein meir heilskapleg offentleg helsepolitikk, og kva kan ein seie om resultata? I den andre delen vert det gjeve ein introduksjon til helsesystemet som eit kulturelt system. I helsesystemet finn ein både autorisert og ikkje-autorisert medisin. Innanfor det kulturelle perspektivet vert hovudvekta lagt på den folkelege tanke- og idéverda og dei førestellingane knytt til sjukdom og behandling som ein finn der. Den modellen av helsesystemet som vert presentert er ikkje bunden til tid og stad, og opnar difor opp for folkemedisin / alternativ medisinsk dokumentasjon både i eit historisk og eit notidsperspektiv.

Læringsutbyte/resultat

Kunnskapar

Ved fullført emne har studentane kunnskap om kvifor det offentlege har arbeidd med befolkninga si helse, korleis det offentlege har søkt å fremje helse og kva helsepolitikken har hatt å seie. Studentane har òg innsikt i det ikkje-autoriserte helsevesenet, og kvifor nokon vel alternative behandlingsformer.

Ferdigheiter

Studentane har tileigna seg evne til kritisk refleksjon i høve til feltet, dei kan skriva ein lengre resonnerande tekst og kan nytta faglege kunnskapar på teoretiske problemstillingar.

Generell kompetanse

Studentane kan diskutera faglege tema med andre med bakgrunn innafor fagområdet.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Instituttet rår til at ein har teke eksamen i fire emne i spesialiseringsfaget.

Fagleg overlapp

HEMB111

Undervisning og omfang

Undervisinga blir gitt som forelesingar, seminar og rettleiing.

Obligatoriske arbeidskrav

Studentane skal i arbeidsprosessen levera bacheloroppgåva i to utkast til fastsette tidspunkt. Det første utkastet skal innehalda ei skisse av temaet, førebels disposisjon og kort utgreiing om relevant litteratur. Dette utkastet er basis for diskusjon mellom rettleiar og student. Det andre utkastet er ei ferdig utforma oppgåve som vil bli diskutert og kommentert av rettleiar og student. Studenten leverer så den endelege versjonen av oppgåva.Pensumlista skal godkjennast av faglærar.

Vurderingsformer

Eksamen består av ei skriftleg bacheloroppgåve og ein justerande munnleg eksamen. Bacheloroppgåva skal ha eit omfang på 5000 - 6000 ord (12-15 sider). Framstillinga skal vera dokumentert med tilvisingar til litteratur og kjelder.

Karakterskala

Det vert nytta bokstavkarakterar på ein skala frå A til F, der F er stryk.

Læremiddelomtale

Pensum er på 1200 - 1500 sider. Studenten leverer saman med bacheloroppgåva inn ei pensumliste der halvparten av litteraturen er henta frå pensumlista på HEMB111 og halvparten er sjølvvald. Lista skal vera godkjend av faglærar.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no