Det moderne Midtausten 1880-2000
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Det blir gjeve undervisning i emnet normalt berre i haustsemesteret. |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Normalt undervises emnet på norsk.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Læringsutbyte
Kunnskapar:
Ved fullført emne skal studenten ha god kunnskap om karakteristiske samfunnsmessige trekk ved det moderne Midtausten og i dei prosessane som har skapt desse, med vekt på noen utvalde land. Vidare skal studentane ha kunnskap om ideologiske rørsler og strøymingar som har prega området sidan 1800-talet og som er dominerande også i dag. Studenten skal kjenne til sentrale metodar og metodespørsmål knytt til historisk forsking.
Ferdigheiter:
Studenten skal vise evne til å drøfte historiske problemstillingar knytt til temaet og trekke eigne konklusjonar.
Generell kompetanse:
Studentane skal vise evne til å sette seg inn i ein omfattande faglitteratur, til å formidla kunnskapar og synspunkt derifrå, og til å argumentere for eigne konklusjonar i skriftleg arbeid.
Kontaktinformasjon
Institutt for arkeologi, historie kultur og religionsvitenskap
studieveileder@ahkr.uib.no
Undervisningssemester
Det blir gjeve undervisning i emnet normalt berre i haustsemesteret.
Undervisningsspråk
Normalt undervises emnet på norsk.
Studienivå
Bachelornivå
Institutt
Institutt for arkeologi, historie kultur og religionsvitenskap
Krav til studierett
Emnet er opent for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Mål og innhald
Emnet inngår i fordjupingsfaget historie i bachelorprogrammet i Midtaustenkunnskap, men kan også studerast uavhengig av dette bestemte studieprogrammet, emnet kan inngå i ein spesialisering i historie.
1800-talet og tida etter er prega av vestleg imperialisme og vestleg påverknad i Midtausten. Studiet vil fokusere på dei djuptgripande endringane som pregar perioden og på prosessane bak desse, eit tema som vi med eit fellesomgrep kan kalle modernisering. Emnet vil særleg konsentrere seg om økonomisk, politisk og sosial endring, framveksten av nye samfunnsgrupper, og ideologiske nyorienteringar frå islamsk reformisme og arabisk nasjonalisme til moderne islamisme (fundamentalisme). Endringar i kvinnenes status og rolle vil òg stå sentralt.
Historisk teori og metode er ein del av pensum og undervisninga.
Læringsutbyte/resultat
Kunnskapar:
Ved fullført emne skal studenten ha god kunnskap om karakteristiske samfunnsmessige trekk ved det moderne Midtausten og i dei prosessane som har skapt desse, med vekt på noen utvalde land. Vidare skal studentane ha kunnskap om ideologiske rørsler og strøymingar som har prega området sidan 1800-talet og som er dominerande også i dag. Studenten skal kjenne til sentrale metodar og metodespørsmål knytt til historisk forsking.
Ferdigheiter:
Studenten skal vise evne til å drøfte historiske problemstillingar knytt til temaet og trekke eigne konklusjonar.
Generell kompetanse:
Studentane skal vise evne til å sette seg inn i ein omfattande faglitteratur, til å formidla kunnskapar og synspunkt derifrå, og til å argumentere for eigne konklusjonar i skriftleg arbeid.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Gode kunnskapar i engelsk er ein føresetnad.
Emnet byggjer på HIM 101.
Undervisning og omfang
Undervisninga skjer i form av førelesingar (normalt om lag 12 førelesningar). Det blir gjeve undervisning i emnet normalt berre i haust-semesteret. Dersom det er ressursar, vil det i tillegg bli arrangert oppgåveseminar.
Obligatoriske arbeidskrav
Ingen
Vurderingsformer
6-timars skriftleg skuleeksamen.
Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Studieadministrativ avdeling .
Det vert normalt avvikla eksamen i undervisningsfritt semester (vårsemesteret).
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Læremiddelomtale
Instituttet utarbeider pensumlister, pensum er om lag 1400 sider.
Undervisningssted
Institutt for arkeologi, historie og kultur- og religionsvitenskap, Universitetet i Bergen.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert jamleg.
Kontaktinformasjon
Institutt for arkeologi, historie kultur og religionsvitenskap
studieveileder@ahkr.uib.no